Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Vitamin D og omega-3 – nyttar det for MS-pasientar?
«Vitamin D and ω-3 polyunsaturated fatty acids as disease modifying factors in multiple sclerosis». Multippel sklerose (MS) er ein kronisk betennelsessjukdom som råker hjerne og ryggmarg. MS er ein vanleg årsak til tap av funksjonsevne hjå unge vaksne. Ein veit enno ikkje kva sjukdomen skuldast, og der finns ingen kur for sjukdommen. Norge er eit av dei landa i verda med høgast førekomst av MS, om lag 8 000 lever med MS i Norge i dag. Kven som får sjukdommen påverkast både av genar og av miljøfaktorar ein utsettast for tidleg i livet. Miljøfaktorar kan sannsynlegvis påverke også sjukdomsutviklinga hos pasientar med MS. Det er derfor viktig å identifisere slike faktorar, og å undersøkje kor stor effekt dei har. Vitamin D og fleirumetta feittsyrer er to slike miljøfaktorar som ein trur kan påverke pasientar med MS. Dei er begge del i eit naturleg kosthald, men nyttast også av mange som kosttilskot, utan at effekten har vore undersøkt i kliniske studiar på MS-pasientar. I sin avhandling tek Wergeland for seg korleis ein kan nytte eksperimentelle modellsjukdommar i mus for å undersøkje effekten av vitamin D på sjukdomsutviklinga ved MS. Han fann at vitamin D i høge doser har ein sjukdomsavgrensande effekt, men at dei dosane som trengs sannsynlegvis er vesentleg høgare enn dei ein vanlegvis får i seg med eit vanleg kosthald. Resultata er eit viktig bidrag til å kunne gå vidare med å undersøkje effekten av vitamin D på MS-pasientar. Wergeland har og delteke i ein større, nasjonal studie utgåande frå Nasjonalt kompetansesenter for MS, kor ein har undersøkt nytta av omega-3 fleirumetta feittsyrer på sjukdomsaktiviteten til MS-pasientar. I denne studien fann ein ingen positive effektar av omega-3 feittsyrer, korkje på klinisk sjukdomsaktivitet, sjukdomsaktivitet målt med magnetrøntgen (MRI) eller livskvalitet hjå MS-pasientane. Denne studien er eit særs viktig bidrag til å kunne gje MS-pasientar råd og rettleiing for kva innsats dei sjølv kan gjere for å påverke sjukdomsutviklinga. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |