Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Regulering av skipsfart; fiskeri og farleg last

Knut Einar Skodvin   

Knut Einar Skodvin disputerer fredag 22. mars 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Freedom of navigation in the exclusive economic zone under the LOS-Convention – Balancing coastal and maritime State interests».

I kva grad må norske styresmakter tillata frakt av radioaktivt atomavfall nær Norskekysten? Og kva reguleringar kan norske styresmakter pålegga fiskebåtar for å sikra at dei ikkje fiskar ulovleg? Desse, og ei rad likande spørsmål, er tema for Skodvin si doktoravhandling.

I den økonomiske sona – eit område ut til 200 nautiske mil – gjev folkeretten kyststaten rådvelde over resursar i vassøyla og under havbotnen, samt at kyststaten kan regulera aktivitet i eit visst mon av miljøomsyn eller dersom den er forskingsretta. Samstundes er andre statar tillagt vidtgåande fridomar, mellom dei den såkalla navigasjonsfridomen – høve til å la skip heimehøyrande hjå seg segla uhindra. Ikkje overraskande kjem desse rettsposisjonane tidvis i konflikt. Med utgangspunkt i ein hermeneutisk ståstad, og aksept av dei språkteoretiske arbeida til Koselleck og Skinner, tek avhandlinga sikte på gje ei heilskapleg framstilling av tilhøvet mellom kyststat og maritim stat i den økonomiske sona så langt gjeld navigasjonsfridomen. Navigasjonsfridomen representerer hjørnesteinen i læra om dei opne hava, og har stått som ein grunnstein i folkeretten sidan det som gjerne vert referert til som fødselen i 1609. Nokon heilskapleg diskusjon av innhaldet i navigasjonsfridomen har ein likevel ikkje hatt på lang tid, trass i at den faktiske situasjonen den skal fungera innan er sterk endra.

Verdshandelen kviler i stor grad på skipsfart, og det gjer òg styrkeprojeksjon i internasjonale militære operasjonar. Samstundes er uroa knytt til skipsfarten stadig større. Dette både av omsyn til kapasiteten den representerer som forureinar, både ved ordinær drift og ved ulukker, og grunna mangelen på høvet for regulering for andre enn flaggstaten, som m.a. har leia til eit markant overfiske. Slik bør ein no, snart 20 år etter at havrettskonvensjonen trådde i kraft, ta opp att diskusjonen om navigasjonsfridomen i dag kan tyde det same som den gjorde då, og i alle fall om innhaldet står uendra frå 1609.

Personalia:
Knut Einar Skodvin er fødd 28.2.1978, og er mellombels tilsett som universitetslektor ved Det juridiske fakultet, UiB, på prosjektet «Rettslege rammer for bruk av norsk militærmakt».

Tid og stad for prøveforelesinga:
21.03.2013, kl. 15.15. Oppgitt emne: «The role and significance of State practice in interpreting and implementing UNCLOS, with an emphasis on marine pollution».
Stad: Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1.

Tid og stad for disputasen:
22.03.2013, kl. 10.15, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1.

Kontaktpersonar:
Knut Einar Skodvin, tlf. 55 58 97 84, e-post: knut.skodvin@jur.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.