Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Analyse av kreftceller kan gi meir tilrettelagt behandling
”Risk stratification and therapy response monitoring by phosphoprotein profiles in acute myeloid leukaemia”. Akutt myelogen leukemi (AML) er ein svært aggressiv type blodkreft som er kjenneteikna ved rask vekst og opphoping av umodne celler i beinmarg og blod. Mutasjonar i arveanlegget som direkte eller indirekte er involvert i cellekommunikasjon og intracellulær signalering kan føra til ukontrollert vekst av disse kreftcellene. I arbeidet med avhandlinga har Skavland sett nærare på kartlegging av kommunikasjonen inne i kreftcella, og om denne informasjonen kan bidra til å gi meir målretta behandling av pasientane. Cella får informasjon via omgjevnaden om den skal vokse og formeire seg, utvikle seg til ein annan type celle eller stogge opp. I tillegg kan ytre og indre faktorar bestemme at cella skal utføre ein programert celledød, såkalla apoptose. Ved bruk av ein eksperimentell metode, som vert kalla flowcytometri, kan ein analysere kvar enkelt celle og fastslå om kommunikasjonen i cella er korrekt, eller om noko er gale. Gjennom analyser av cellemateriale donert frå AML-pasientar har Skavland kome fram til at analyse av kommunikasjonen i kreftcellene truleg kan skilja mellom kven som nyt godt av cellegiftbehandling og dei som ikkje gjer det. I tillegg til å finna feil i celle-kommunikasjon og signaliseringsgrunna mutasjonar viser det seg at analysemodellen også gjev informasjon om verknaden til medisinen på kreftceller under behandling av pasienten. Denne informasjonen blir meir og meir viktig for å forstå sjukdommen til den enkelte kreftpasient med tanke på ein personleg retta behandling. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |