Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Antocyan – fargerike og nyttige sambindingar ifrå naturen

Irene Skaar   

Irene Skaar disputerer torsdag 19. desember 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Identification of new anthocyanins and secondary anthocyanidin structures and their impact on anthocyanin properties”.

Antocyan er plantepigment som gjev opphav til dei fleste raude, lilla og blå fargar i plantene rundt oss, som i bær, blomar og haustlauv. Dei kan nyttast som naturleg fargetilsetjing i matvarer, og ser ut til å ha positiv effekt på ulike helseproblem hjå oss menneske. I plantene sjølv har antocyana ulike biokjemiske oppgåver, som framleis i nokon grad er ukjende.

Skaar sitt arbeide fokuserer på strukturoppklaringar og kjemiske eigenskapar hjå 32 av dei over 700 ulike antocyana (primære strukturar) ein til no har karakterisert i naturen. Antocyan er relativt små molekyl, men er jamvel særs komplekse sambindingar, grunna evna dei har til å finnast som sekundære strukturar, også kalla jamvektsstrukturar. Ulike miljø (t.d. variasjon i pH) vil påverke kva sekundære strukturar som er til stades i plantene og i kroppen når ein et dei.

Arbeidet er basert på fem vitskaplege artiklar fordelt på tre ulike område. Den første delen tek for seg isolasjon og strukturoppklaring av primære antocyanstrukturar frå ulike europeiske og afrikanske planter. Dei nytta analytiske metodane er mellom anna kjernemagnetisk resonans (NMR), massespektrometri (MS) og høgytings-væskekrommatografi (HPLC). Andre del tek for seg oppklaring av sekundære strukturar av både tidlegare identifiserte og nyoppdaga antocyan. Det vert bevist at skilnadar i primære strukturar påverkar kva type sekundære strukturar som vert danna i ulike miljø. Dette er av verdi for forståinga av deira potensielle medisinske effektar. Den siste delen tek for seg fargeaspektet knytt til ulike antocyanstrukturar. Det er til dømes enno ikkje klart korleis ein forklarer mange blå blomefargar!

Personalia:
Irene Skaar vart født i 1983, og er oppvaksen på Grytøyra i Fjaler, Sogn og Fjordane. Ho er utdanna provisorfarmasøyt, og fullførte sin master i farmasi ved Universitetet i Bergen i 2008. I perioden 2009-2013 har ho vore stipendiat ved Kjemisk institutt, UiB. Doktorgradsarbeidet er finansiert av Kjemisk institutt. Rettleiarar er Professor Øyvind M. Andersen og Førsteamanuensis Monica Jordheim ved Kjemisk institutt.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
12.12.2013, kl. 13.15. Oppgitt emne: “Supramolecules based on natural products”.
Sted: Tripletten (3069), Realfagbygget.

Tidspunkt og sted for disputasen:
19.12.2013, kl. 11.30, Auditorium 2, Realfagbygget.

Kontaktpersoner:
Irene Skaar, tlf. 415 28258, e-post: irene.skaar@kj.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.