Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Pleiepraksis i sjukeheim

Anne Marie Sandvoll   

Anne Marie Sandvoll disputerer fredag 6. desember 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«“Vi berre gjer det”- beskrivingar av skjult pleiepraksis i sjukeheim.»

Praksisen til pleiarane i ein sjukeheim inneheld ein del sentral kunnskap som ikkje alltid er like lett synleg for omverda eller praktikarane sjølve. Siktemålet med studien var å utforske og beskrive den skjulte sida av pleiepraksisen. Avhandlinga tek føre seg både positive og negative sider ved pleiepraksisen. Studien belyser kva som kan stå på spel i norske sjukeheimar og bidreg til ei auka forståing av ein problematikk som ofte er oversett. Funna bidreg med diskusjonar knytt til pleiepraksis i sjukeheim, noko som ikkje tidlegare har vorte diskutert på denne måten.

Det empiriske materialet byggjer på eit langvarig feltarbeid på sjukeheimar i fleire kommunar, der Sandvoll observerte pleiarane i deira daglege praksis, med fokus på det nære møtet mellom pleiar og bebuar. Ho observerte pleiarane i deira daglege arbeid med pleie, måltid og aktivitetar for bebuarane. 45 pleiarar deltok i observasjonsstudien, i tillegg vart det utført intervju med ti av desse. Analysar av sentrale dokument bidreg òg til datasamlinga.

Analysen synte at det ser ut til at pleiarane alltid veit kva dei skal gjere, og at dei kjenner bebuarane godt. Den etablerte pleiepraksisen er inkorporert i pleiarane og nye offentlege forskrifter har fått liten innverknad. Pleiarane kjenner seg knytt til eitt sett med rutinar. Vidare synte analysen korleis ein uventa situasjon utvikla seg til å bli kaotisk og vanskeleg å meistre for personalet. Dette var uvanleg, men ved hjelp av nærare analyse og utforsking i lys av teori, beskriv studien kor kompleks pleiepraksisen kan vere. Ubehageleg åtferd hjå̊ bebuarar får i nokre tilfelle fram vanskelege kjensler hjå pleiarane. Dette er kjensler som det er vanskeleg å innrømme. Trass desse kjenslene kjenner pleiarane seg forplikta til å hjelpe alle bebuarane på same måte. Til saman bidreg desse funna til å beskrive delar av den skjulte pleiepraksisen. Pleiarane har utvikla felles uskrivne reglar for praksisen, og deira eige utsegn, ”vi berre gjer det”, er ei dekkande beskriving av korleis det skjulte berre blir utført.

Personalia:
Anne Marie Sandvoll er frå Øvre Årdal, men bur på Kyrkjebø i Sogn og Fjordane. Sandvoll vart utdanna sjukepleiar ved Drammen Sykepleierhøgskole i 1992, og tok hovudfag i helsefag ved Universitetet i Oslo i 2005. Sandvoll har gjennomført doktorgradsprogrammet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen. Sandvoll arbeider som høgskulelektor ved avdeling for helsefag i Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Tid og stad for prøveforelesinga:
06.12.2013, kl. 10.15. Oppgitt emne: "Forskrifters potensiale til å forbedre sykehjemspraksis: Hvilke utfordringer foreligger og på hvilken måte kan feltstudier bidra til å adressere dem?"
Stad: Auditorium 1, BB-bygget, Haukeland, Jonas Lies vei 91

Tid og stad for disputasen:
06.12.2013, kl. 12, Auditorium 1, BB-bygget, Haukeland, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Anne Marie Sandvoll, tlf. 416 10684, e-post: annemsa@hisf.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.