Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Paleoklima og mennesket si utvikling i Sør-Afrika
“Micromammals, climate change and human behaviour in the Middle Stone Age, southern Cape, South Africa – Examining the possible links between palaeoenvironments and the cognitive evolution of Homo sapiens”. Nel har i si doktorgradsavhandling rekonstruert naturmiljøet for 128-65 000 år sidan ved to kystnære lokalitetar, Blombos Cave og Klasies River, i Sør-Afrika. Leivningar av Homo sapiens og gjenstandar som vitnar om forståing og bruk av symbol indikerer at menneska som levde på det sørlege Kapp var moderne, både av utsjånad og i sinn. Det overordna målet med avhandlinga har vore å bidra med informasjon om kva rolle endringar i klima og naturmiljø kan ha spelt for det moderne mennesket si utvikling. Grunnlaget for rekonstruksjonen av naturmiljøet er små fossile pattedyr som har vorte inkorporerte i dei arkeologiske sedimenta, og analysar av desse har gjeve informasjon om vegetasjon, temperatur og sesongbaserte variasjonar i nedbør. Det rekonstruerte nærmiljøet har fungert som kontekst til det arkeologiske materialet frå dei to lokalitetane og gjeve auka innsikt i korleis desse moderne menneska nytta omliggande ressursar og deira respons til endringar i klima og naturmiljø. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for samfunnsvitenskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte. |