Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Rørforma strukturar i biomedisinske bilete
«Segmentation of tubular structures in biomedical images». Losnegård har arbeidd med analyse av bildedata og automatisk gjenkjenning av ulike tubulære (rørforma) strukturar i kroppen, og metodar for å kjenne att desse strukturane automatisk ved hjelp av matematiske verktøy nytta på ulike bildemodalitetar som MR, CT og mikroskopi. Resultata viser at det er mogeleg å bruke automatiske verktøy til å kjenne att slike strukturar, noko som kan gje betre pasientbehandling. Slik kan ein ta i bruk store mengder data utan å måtte finne strukturane manuelt, noko som ofte er ein usikker og svært tidkrevjande prosess. Ved strålebehandling av svulst i bekkenet er det viktig å redusere strålinga til friskt vev, som til dømes i tarmen. Nye behandlingsmetodar kan ta omsyn til posisjonen til tarmen ved bruk av omfattande CT-materiale. Hjernen inneheld ulike område som kommuniserer med kvarandre via tubulære fibrar. Gjenkjenning av desse fibrane i MR-data og analyse av eigenskapane deira kan nyttast til å måle kva som skjer i hjernen etter kvart som vi vert eldre. Tubulære celler, m.a. i retina, kommuniserer ved hjelp av signal-overføring. Ein del av denne kommunikasjonen veit ein framleis lite om, og simulering av store nettverk av celler ved hjelp av datamaskiner kan gje meir informasjon enn ein har i dag. Sjølv om strukturane varierer i skala frå centimeter til mikrometer, og bilda er tekne ved hjelp av ulike opptaksteknikkar, har dei mange fellestrekk. Likskapar og individuelle tilpassingar av dei matematiske verktøya til den spesifikke tubulære stukturen var hovudfokus i dette arbeidet. Metodane som vart utvikla kan verte nyttige i planlegging av stråleterapi, studiar omkring aldring i hjernen og i undersøkingar av kommunikasjon mellom celler. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |