Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Skissebasert geologisk historieforteljing
«Sketch-based Storytelling for Cognitive Problem Solving – Externalization, Evaluation, and Communication in Geology» Å løyse kompliserte problem er ei viktig oppgåve innanfor forsking og utvikling. Et eksempel på slike problem er leitinga etter olje og gass. Ofte må fleire løysingar vurderast før ein finn den beste. Ingeniørar og forskarar nyttar skisser og teikningar i arbeidsprosessen. Skissene hjelper ekspertane å visualisera tankane sine og å formulera løysingane. Skissene er også viktige for kommunikasjonen mellom ekspertar. I dag vert skissene ofte teikna på papir eller på tavler. Gjennom doktoravhandlinga si presenterer Lidal eit system for å kunne utføre slik skissebasert problemløysing meir effektivt ved hjelp av datamaskina. Systemet er basert på forsking innan fagfelta skissebasert modellering og datavisualisering inspirert av illustrasjonsteknikkar. Systemet lar ekspertane uttrykke seg gjennom historier for betre å kunne fortelja korleis dei har tenkt då løysinga vart utforma. Å syne korleis ekspertane resonnerte seg fram til løysinga, gjer det lettare for andre å vurdere den. Systemet består av tre steg. Første steg er utarbeiding og formulering av mulege løysingar. Her har Lidal mellom anna skildra nye metodar for å teikne skisser og å formulere desse til historier. Det neste steget er vurdering og samanlikning av mulege løysingar. Her er bidraget ei visualisering av alternativa slik at samanlikning vert lettare. I det siste steget vert det tatt ei avgjersle om problemet er tilfredstillande løyst. Det er viktig at skissene vert presentert slik at dei vert forstått av dei som tek avgjersla. Her bidrar Lidal, inspirert av illustrasjonsteknikkar, med metodar for å lage filmar av løysingshistoriene. Lidal demonstrerer i avhandlinga si korleis eit slikt system for skissebasert modellering og historieforteljing kan lagast for den tidlege fasen av geologisk utforsking ved leiting etter olje og gass. Arbeidet med avhandlinga er utført i det tverrfaglege forskingsprosjektet GeoIllustrator, som inkluderer institutta informatikk og geovitenskap ved UiB, Statoil og CMR. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |