Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Nytt pasientforløp kan redusere kirurgiske strykingar

Einar Hovlid   

Einar Hovlid disputerer onsdag 15. mai 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Reducing cancellations of planned operations - a case study of improving the quality of care at a district general hospital”.

Ein planlagt operasjon kan av ulike årsaker bli stroken frå operasjonsprogrammet. Slike strykingar er eit kjend kvalitetsproblem både i Noreg og internasjonalt. Strykingar rammar i første rekke pasientar som får naudsynt behandling utsett, men det fører òg til dårlegare utnytting av ressursane ved sjukehusa.

I avhandlinga si har Hovlid evaluert eit omfattande forbetringsprosjekt ved Førde sentralsjukehus, der målsettinga var å redusere talet på strykingar. Ved å legge om heile behandlingsforløpet for planlagt kirurgi klarte sjukehuset å redusere talet på strykningar med meir enn 40 prosent. Talet på gjennomførte operasjonar per månad auka med 17 prosent, utan at ressursane til sjukehuset vart auka. Pasientane opplevde at endringane bidrog til å gjere tenestene meir fleksible ved at dei sjølv fekk vere med å bestemme tidpunktet for operasjon. Sjukehuset klarte såleis å betre ressursutnyttinga samstundes som dei gjorde tenestene meir pasient-sentrerte.

Mange forbetringsprosjekt i helsevesenet fører ikkje til varig endring. Dei oppnådde forbetringane minkar ofte når prosjektperioden er over. Førde sentralsjukehus klarte å oppretthalde forbetringane i heile studieperioden, som varte over to år etter at endringane vart innførte. I avhandlinga si har Hovlid òg studert kva som bidrog til at sjukehuset klarte å oppretthalde forbetringane. Forbetringsarbeidet vart gjennomført med brei involvering og medverknad frå helsepersonell. Når dei i fellesskap diskuterte kva dei kunne gjere for å redusere strykingar, vaks det fram ei djupare forståing av heilskapen i pasientforløpet og samanhengen mellom arbeidsoppgåvene til dei forskjellege yrkesgruppene. Denne nye kunnskapen bidrog til at dei klarte å finne gode og varige løysingar.

Personalia:
Einar Hovlid (f. 1971) tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen (UiB) i 1997 og Master of managment-graden ved Handelshøyskolen BI i 2008. Ph.d.-graden går ut frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB. Hovudrettleiar: Professor Oddbjørn Bukve, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Medrettleiarar: Overlege/dr.med Christian von Plessen, professor Kjell Haug, avd dir/dr med Aslak Bjarne Aslaksen. Hovlid er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og UiB.

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.05.2013, kl. 10.15. Oppgitt emne: «Hvordan kan tilsyn bidra til pasientsikkerhet?»
Sted: Høgskulebygget i Sogndal, Auditoriet, 1. etasje.

Tid og stad for disputasen:
15.05.2013, kl. 12.00, Høgskulebygget i Sogndal, Auditoriet, 1. etasje.

Kontaktpersonar:
Einar Hovlid, tlf. 907 99199, e-post: einar.hovlid@hisf.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.