Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Grunnleggande kjemiske eigenskapar hos umetta hydrokarbon
«Chemical Properties of Alkenes and Alkynes from Carbon 1s Photoelectron Spectroscopy and Theory». Hydrokarbon består av hydrogen og karbon og kallast umetta når det er i stand til å «ta opp» meir hydrogen. Alken og alkyn er eksempel på umetta hydrokarbon, og har vist seg å vere reaktive for enkelte typar kjemiske reaksjonar. I tillegg kan somme av dei eksistere i ulike strukturelle former. Dette er grunnleggande kjemiske eigenskapar som i denne avhandlinga har blitt studert ved hjelp av ein kombinasjon av røntgenlys og teoretiske modellar. Røntgenlys vert brukt til å måle energien som skal til for å fjerne bestemte elektron i hydrokarbona. Denne energien, som vert kalla for ionisasjonsenergien, inneheld ulik informasjon om hydrokarbona. Sidan ein er avhengig av å måle energiane med høg presisjon og nøyaktigheit, har avansert eksperimentelt utstyr blitt nytta. Denne teknikken vert kalla fotoelektronspektroskopi og har blitt utført ved synkrotronanlegg. Ein treng verktøy for å kunne hente ut all informasjonen som ligg i datasettet frå eksperimentet. Dette vert oppnådd ved bruk av teoretiske modellar og kraftige datamaskiner. Ved å flette saman teori og eksperiment har vi no fått ny kunnskap om viktige kjemiske eigenskapar til ein serie alken og alkyn, samt utforska avgrensingane ved å nytte denne teknikken til slike studiar. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |