Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Ny ultralydsteknologi oppdagar hjartesjukdom tidlegare

Atle Hirth   

Asle Hirth disputerer torsdag 21. februar 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

”Left ventricular systolic deformation in subclinical metabolic cardiomyopathies”.

I sin avhandling fann Hirth at vevsultralyd av hjartet kan oppdage hjartesjukdom før ein kan sjå forandringar på tradisjonell ultralyd, og lenge før pasientane med arveleg stoffskiftesjukdom eller kronisk nyresjukdom fekk symptom på hjartesjukdom. Tidleg diagnose kan ha betyding for behandling og for leveutsiktene til pasientane.

Hjarte- og karsjukdom er ei vanleg årsak til sjukehusinnlegging og den hyppigaste dødsårsaka hjå pasientar med arveleg stoffskiftesjukdom eller kronisk nyresjukdom. Desse sjukdomane påverkar hjartet gjennom ulike prosessar og fører til at hjartemuskelen tek skade (kardiomyopati). Tradisjonell ultralyd av hjartet vil ikkje oppdage desse skadane før dei er relativt langt komne. Hovudmålet med avhandlinga var å studere om ny ultralydsteknologi, der ein nyttar såkalla vevsdoppler-teknikk, kan påvise skadar på eit tidlegare stadium.

Avhandlinga omfattar tre studiar. I den første studien undersøkte ein pasientar i tidleg fase av kronisk nyresjukdom. Her fann Hirth at vevsdoppler av hjartemuskelen synte forandringar som ikkje var målbare ved tradisjonell ultralyd av hjartet. I den andre studien vart hjartefunksjonen målt ved tradisjonell- og vevsdoppler-ultralyd hjå barn og unge vaksne som var nyretransplanterte. Pasientane hadde redusert fysisk kapasitet og auka førekomst av høgt blodtrykk samanlikna med friske testpersonar. Vidare var det ein samanheng mellom høgt blodtrykk og redusert hjertefunksjon målt ved vevsdoppler-teknikk. I den tredje studien synte undersøkingar med vevsdoppler-teknikk at pasientar med stoffskiftesjukdomen Fabry hadde redusert hjartefunksjon. Dette var tydeleg sjølv hjå unge pasientar utan symptom på hjartesjukdom og med normale funn ved tradisjonell ultralydteknikk.

Personalia:
Asle Hirth (f. 1963) er oppvaksen på Voss. Han avla medisinsk embetseksamen i München i 1988. Frå 1996 har han arbeidd ved Barneklinikken og Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus, og vart godkjent spesialist i barnesjukdomar i 1999. Hirth er overlege med ansvar for born og vaksne med medfødd hjartefeil. Forskingsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen med stipend frå Helse vest og under rettleiing av professor Gottfried Greve og professor Eva Gerdts.

Tid og stad for prøveforelesinga:
21.02.2013, kl. 12.30. Oppgitt emne: ”Sudden cardiac death in children. Etiologies and prevention”.
Stad: Auditorium Barneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
21.02.2013, kl. 14.15, Auditorium Barneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Asle Hirth, tlf. 917 56917, e-post: asle.hirth@helse-bergen.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.