Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Kommunikasjon mellom celler regulerer blodårevekst

Monica Hellesøy   

Monica Hellesøy disputerer tysdag 28. mai 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Mural cell-dependent contextual regulation of endothelial cell signaling in angiogenesis”.

I sitt doktorgradsarbeid har Hellesøy studert korleis kommunikasjonen mellom cellene i blodåreveggen styrer vekst av nye blodårer frå allereie eksisterande blodkar, såkalla angiogenese. Dette er ein naudsynt fysiologisk prosess som er svært viktig under fosterutvikling og ved reparasjon av vevsskade. Samstundes er det ein prosess som er feilregulert i svært mange sjukdomar, mellom anna i leddgikt, diabetes, psoriasis, arteriosklerose og kreft. Difor er det viktig å få grunnleggjande kjennskap til dei molekylære mekanismane som styrer prosessen, for seinare å kunne utvikle nye, effektive medikament for å stimulere eller hemme blodårevekst.

Ein viktig del av prosjektet har vore reguleringa av signalproteinet Akt1, som speler ei sentral rolle i blodårevekst. For å studere dette har Hellesøy nytta eit ko-kultursystem, der hovudkomponentane i blodåreveggen (endotelceller og muskelceller) blei dyrka saman.

Hellesøy si forsking har mellom anna vist at implantasjon av endotelceller saman med muskelceller i forsøksdyr fører til raskare blodårevekst og betra sirkulasjon, samanlikna med implantasjon av berre endotelceller åleine. Vidare fann Hellesøy at konstant aktivering av signalproteinet Akt1 i endotelceller hindra blodårevekst både i forsøksdyr og i cellekultur. Ho fann at dynamisk Akt1-signalisering i endotelceller er avgjerande for at blodårer skal kunne vekse normalt, og denne dynamikken ser ut til å vere direkte regulert av muskelcellene.

Resultata til Hellesøy viser korleis direkte kommunikasjon mellom cellene i blodåreveggen styrer vekst av nye årer, noko som er interessant mellom anna fordi blodårer i kreftsvulstar i stor grad manglar muskelceller. Funna har gjeve ny kunnskap om korleis desse ulike cellene kommuniserer, og vil vonleg kunne bidra til utvikling av meir målretta behandling i sjukdommar der blodårevekst må hemmast eller stimulerast.

Personalia:
Monica Hellesøy (f. 1984) kjem frå Kopervik i Karmøy kommune. I 2008 fullførte ho ein mastergrad i human fysiologi ved Universitetet i Bergen. Ho har i perioden 2009-2013 vore stipendiat ved Institutt for Biomedisin, finansiert av Universitetet i Bergen. Rettleiarar for prosjektet har vore professor James B. Lorens og fyrsteamanuensis Karl J. Tronstad.

Tid og stad for prøveforelesinga:
28.05.2013, kl. 10.15. Oppgitt emne: “Tissue engineering and angiogenesis: status and perspectives”.
Stad: Auditorium 2, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
28.05.2013, kl. 13.15, Auditorium 2, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91, Bergen.

Kontaktpersonar:
Monica Hellesøy, e-post: monica.hellesoy@biomed.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.