Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Konkurranse om velferdstenester
«Konkurransereglane i EU- og EØS-retten som skranke for nasjonale styresmakter». Kva innverknad har konkurransereglane i EØS-retten på tilbodet av velferdstenester i Noreg? Det er velkjent at nasjonale styresmakter er bundne av konkurransereglane når dei tilbyr varer og tenester i marknaden og når dei regulerer åtferda til andre tilbydarar. Rekkjevidda av reglane på velferdssektoren er likevel uviss. EU-kommisjonen har vore ein pådrivar for å etablere grenseoverskridande konkurransemarknader for velferdstenester. På statsstønadsområdet har vi fått eit omfattande regelverk for korleis nasjonale styresmakter må gå fram når dei finansierer offentlege og private tenestetilbod. For norske styresmakter skaper dette utfordringar knytt til å oppretthalde tilgang for alle til kvalitativt gode velferdstenester, utan å tildele offentleg stønad eller marknadsprivilegium som går for langt i å favorisere offentlege og nasjonale tilbydarar der dei konkurrerer med private og utanlandske tilbydarar. Dette gjeld både for utdanningssektoren, og for helse- og sosialsektorane. For einskilde tenester innanfor desse sektorane har likevel styresmaktene stort handlingsrom. Konkurransereglane gjeld ikkje for utdanningstenester i dei offentlege undervisningssystema og for tenester med sterke element av offentleg maktutøving. Til den siste kategorien høyrer mellom anna barnevern, tvungen rusomsorg og tvunge psykisk helsevern. Her står styresmaktene fritt til å bestemme om dei vil bruke konkurranseprosedyrar når dei gjev private aktørar oppdrag. Dei står òg fritt til å finansiere dei private tenestetilboda. Det kan likevel stillast spørsmål ved om norske styresmakter har ynskt å utnytte dette handlingsrommet. Innanfor barnevernssektoren har i alle fall Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) konkludert med at dei norske innkjøpsreglane rekk lengre enn det EØS-retten krev. Personalia: Tid og stad for prøveforelesninga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte. |