Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Spelar morsmålet ei rolle eller lærer alle likt?
"Grammatical encoding of past time in L2 Norwegian – the roles of L1 influence and verb semantics" Avhandlinga er ein studie av fortidsmarkering i språket til 99 vietnamesiske og 97 somaliske norskinnlærarar. Fortid er uttrykt grammatisk gjennom preteritum og perfektum i norsk, og bruken av desse formene står i eit særskilt fokus. Tekstane er henta frå eit elektroniske innlærarkorpus, ASK. ASK har gitt disiplinen eit nytt verktøy, og har opna opp for studiar som baserer seg på eit stort materiale i ein disiplin som elles har vore dominert av kvalitative studiar. I denne studien har det difor vore mogleg å testa funn frå tidlegare studiar på eit mykje større materiale, til dømes spørsmålet om morsmålspåverknad. Morsmålspåverknad har også alltid vore eit sentralt spørsmål i den bergenske andrespråksforskinga, og studien er assosiert med ASKeladden-prosjektet ved UiB som granskar morsmålspåverknad med nye metodar og nye teoriar. Dataa er granska ut frå to prinsipielt ulike teoretiske perspektiv: Det morsmålsspesifikke som antek at morsmålet spelar ei viktig rolle i tileigninga, og at ein difor kan finna spor av morsmålet i bruken av verbmorfologi i andrespråket, og det universelle som tillegg morsmålet ei minimal rolle og som meiner innlærarar følgjer same utvikling. I den internasjonale forskinga dominerer det siste synspunktet. Tradisjonelt har ein gått ut ifrå at morsmålet ikkje påverkar tileigninga av andrespråksmorfologien, men at det kan ha stor påverknad på uttalen av andrespråket. Funna i denne studien viser at sjølv om dei vietnamesiske og somaliske innlærarane viser mange fellestrekk i bruken av preteritum og perfektum i norsk, så er dei klart åtskilte i typen feil dei gjer. Eit hovudfunn er at somaliske kandidatar har større vanskar med å skilja perfektum og preteritum samanlikna med dei vietnamesiske innlærarane. Vidare viser kontrastive analyser av den norske perfektumsforma og tidsmarkørar i vietnamesisk og verbmorfologien i somali, at det er mogleg å setja desse funna i samanheng med korleis fortid vert markert grammatisk i morsmåla til innlærarane. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |