Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Skandinaviske koloniaktørar i Sør-Afrika
”Spaces of Scandinavian Encounters in Colonial South Africa: Reconfiguring Colonial Discourses”. Den europeiske ekspansjonen til oversjøiske territorium i kolonitida har på ulike måtar forma politiske og økonomiske realitetar i verda slik vi kjenner den i dag. Historia til dei europeiske kolonimaktene, og implikasjonane av møta med dei som allereie budde i områda europearane tilskreiv og tilrana seg, blir stadig meir nyansert gjennom tverrfaglige postkoloniale studiar. Kva så med norske og skandinaviske aktørar, og deira rolle i kolonitida? Det norske sjølvbiletet, slik det har blitt skapt dei siste tiåra, er ei forteljing om Noreg som ein nøytral og uhilda aktør på den internasjonale arenaen, utan involvering i dei europeiske koloniprosjekta. Denne avhandlinga nyanserer dette biletet ved å analysere empiriske døme frå Sør-Afrika, der nordmenn og skandinavar på ulikt vis har vore involvert i å oppretthalde og enno til bidra til å forme eit europeisk økonomisk-politisk hegemoni under kolonitida. To av artiklane i avhandlinga omhandlar ei mindre gruppe norske migrantar som busette seg i Kapp-kolonien mot slutten av 1800-talet. Med utgangspunkt i tømmer og shipping slo dei seg etterkvart opp i fleire næringar, og vart ein allstadnærverande økonomisk og politisk aktør. Dei manøvrerte seg inn i økonomiske, politiske og sosiale handlingsrom mellom boarar og britar, og knytte seg til eit stort nettverk av økonomiske aktørar, både lokalt og nasjonalt, men også til Skandinaviske aktørar. Gjennom investeringar i dette nettverket opparbeidde dei seg ein hegemonisk kontroll over økonomisk aktivitet i regionen, og hadde i tillegg politisk innflytelse gjennom politiske embete på lokalt og regionalt nivå. Den tredje artikkelen analyserer korleis eit norskspråkleg tidskrift i Sør-Afrika argumenterte for å etablere ei skandinavisk rørsle i Sør-Afrika i mellomkrigsperioden. Skandinavisk deltaking under boar-krigen (1899-1902) vart i tidsskriftet framheva og minna, med koplingar til historie, territorium og rase, for å legitimere sterkare skandinavisk innverknad i Sør-Afrika. Personalia: Tidspunkt og sted for prøveforelesningen: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for samfunnsvitenskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte. |