Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Gen for ionetransport og danning av rør i organismer

Wei Deng   

Wei Deng disputerer fredag 18. januar 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”The cellular and molecular mechanisms of the notochord tubulogenesis in the marine invertebrate Ciona intestinalis”

Kroppen vår er fylt med ei rekke ulike rørstrukturar. Desse fraktar luft, vatn, næringstoff og gjer mange andre ting som kroppen treng. Men desse funksjonane kan verte hemma av sjukelege endringar eller om røra ikkje vert danna skikkeleg i fosterutviklinga. Deng og kollegaene hans har brukt eit enkelt system, notochordrøret (røret i ryggstrengen) hjå larven til sjøpungen Ciona intestinalis til å studera mekanismane som gjer at rør vert danna i fosterutviklinga.

Notochordrøret vert laga frå ei solid stang av celler, og inni desse dukker det opp små væskefylte lommer (lumen). Desse utvider seg gradvis og smelter saman til å verte det indre hulrommet i stanga. Deng har ynskja å forstå kva som styrer desse prosessane. Han har funne eit ionetransportergen, Ci-slc26aα, som styrer danninga av notochordrøret. Hans studier har vist at transport av ioner er viktig i danninga av lumen, muligens ved å justera det osmotiske trykket i væska i lumen.

Personalia:
Wei Deng er fødd i Sichuan, Kina. Han fullførte ein bachelorgrad i Molekylærbiologi ved University of Science and Technology of China. Han har vore ansatt hos Bioinformatikklaboratoriet i Chinese Academy of Sciences i Beijing. Han har i perioden 2008-2012 vore stipendiat ved Sars International Centre for Marine Molecular Biology og Universitetet i Bergen. Dr. Di Jiang har vore hovedrettleiar og professor Mathias Ziegler har vore birettleiar.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.12.2012, kl. 12. Oppgitt emne: «Epithelial-Mesenchymal Transition in Development and Cancer»
Stad: Auditorium 2, Realfagbygget, Allégaten 41.

Tid og stad for disputasen:
18.01.2013, kl. 10.15, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégaten 41.

Kontaktpersonar:
Wei Deng, e-post: wei.deng@sars.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.