Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Steinindustri frå vikingtid og mellomalder

Irene Baug   

Irene Baug disputerer fredag 11. oktober 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Quarrying in Western Norway – An archaeological study of production and distribution in the Viking period and the Middle Ages”.

Avhandlinga tek for seg produksjon og ressursutnytting frå vikingtid og mellomalder med utgangspunkt i to steinbrotsområder på Vestlandet: Kvernsteinsbrota i Hyllestad, Sogn og Fjordane, og bakstehellebrota i Ølve/Hatlestrand i Kvinnherad, Hordaland. Baug undersøker framveksten av storskala vareproduksjon retta mot fjernhandel i vikingtida og mellomalderen. Produksjon og distribusjon blir sett inn i ein større samfunnskontekst der sosiale, økonomiske og maktpolitiske tilhøve blir analysert.

Arkeologiske undersøkingar viser at utvinninga av kvernstein i Hyllestad går tilbake til tidleg vikingtid (700-800-talet), mens produksjonen av baksteheller i Ølve/Hatlestrand starta ved overgangen til mellomalderen, ca. 1030-1100. Produkta vart produserte for det breie lag av befolkninga. Steinbrota fekk etterkvart eit utvida produktspekter, der m.a. steinkrossar frå Hyllestad og bygningsstein frå Ølve/Hatlestrand vart utvunne. Dette var bestillingsverk produsert for det øvre samfunnssjikt. Utvinninga heldt fram gjennom heile mellomalderen i begge områder.

Mens bakstehellene stort sett vart distribuerte innafor det norske området og Vesterhavsøyane, hadde kvernsteinane ein vidare distribusjon. Dei inngjekk i eit internasjonalt handelsnettverk og vart eksportert i store mengder til Danmark, Sverige, Nord-Tyskland og Vesterhavsøyane.

Avhandlinga tek opp aspekt som råderett og kontroll over steinbrot og produkt. I vikingtida organiserte truleg lokale stormenn utvinning og handel. Seinare i mellomalderen overtok kyrkje- og kongemakt i stor grad kontrollen. Dette set steinbrota inn i ein større samanheng, knytt til framveksten av rikskongedøme, lokale elitar og til dei store samfunnsendringane i overgangen mellom vikingtid og mellomalder.

Personalia:
Irene Baug er født i 1973, og kjem frå Lavikdal i Sogn og Fjordane. Ho tok hovudfag i arkeologi ved Universitetet i Bergen i 2001. Ho har sidan vore engasjert i ulike forskings- og forvaltningsprosjekt ved Universitetet i Oslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk Kvernsteinsenter.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
10.10.2013, kl. 16.30. Oppgitt emne: "Steiner for brød. Regionale forskjeller og endring i skandinaviske mattradisjoner og i bruken av kvernstein, baksteheller og klebergryter ca. 800-1200 e. Kr."
Sted: Bryggens Museum, Dreggsallmenningen 3.

Tidspunkt og sted for disputasen:
11.10.2013, kl. 09.30, Bryggens Museum, Dreggsallmenningen 3.

Kontaktpersoner:
Irene Baug, tlf. 476 66798, e-post: irene.baug@ahkr.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for samfunnsvitenskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.