Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Djupmarine avsetjingar løynd i undergrunnen

Kristina Bakke   

Kristina Bakke disputerer tirsdag 11. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Seismic modelling of deep-water outcrops: Bridging the gap at geobody, trap and basin scale».

I avhandlinga freistar kandidaten å betre forstå sedimentære djupmarine avsetjingar som ligg løynd i undergrunnen. Desse kan likne i utsjånad på elver, ras og vifter ein finn på land, men vert danna på relativt djupt vatn frå sokkelskråninga og utover bassenggolvet. Djupmarine avsetjingar er å finna fleire stader på norsk kontinentalsokkel til dømes på Fram og Ormen Lange felta.

Den mest nytta metoden for å kartleggje og studere undergrunnen er ved seismisk avbilding og analysar av brønndata som kjernar og elektriske loggar. Utfordringa er at slike bilete har ei avgrensa oppløysing og at det er få datapunkt frå brønnar. Det er difor vanskelig å studere sedimentære prosessar som opererer på djupt vatn og utbreiing av bergartsformasjonar i landskapet som ligg løynd i undergrunnen.

Grunna rørsler i jordskorpa har fleire millionar år gamle djupmarine avsetjingar vorte skuva opp på overflata i til dømes County Clare i Irland, Ainsa i Spania og Annot i Frankrike. Ved å studera fjellsider eller såkalla blottingar i desse områda har Bakke kartlagt djupmarine avsetjingar i høgare oppløysing enn det som er mogleg frå seismiske bileter aleine. Data frå feltstudia samt brønndata frå undergrunnen, vart nytta til å byggje seismiske modellar. Frå modellane kan ein tolke kva kombinasjonar av bergartar som ligg løynd bak dei seismiske bileta vi har frå djupmarine avsetjingar på både norsk kontinental sokkel og frå andre marginar i verda.

Studiet har gjeve metodisk nyvinningar innan seismisk modellering der ein integrerer geologiske data frå blottingar på land i kombinasjon med brønndata og seismikk frå eksisterande felt til å byggje modellar med høg oppløysing. Dette har gjeve ny innsikt i moglege tolkingar av djupmarine avsetjingar frå seismikk, samt ei utvida forståing av moglege sedimentære prosessar som opererer på djupt vatn. Ph.d.-studiet har resultert i tre publikasjonar i internasjonale tidskrift.

Personalia:
Kristina Bakke (1977) er oppvaksen på Aksnes i Kvam kommune. Bakke var ferdig med mastergraden i petroleumsgeofysikk/geologi ved Universitetet i Bergen i 2003 og fekk stilling som geofysikar ved Hydro sitt forskingssenter same år. Bakke har sidan arbeidd som seniorgeolog og er no leiar for ein forskingsavdeling i Statoil. I august 2008 starta Bakke på ph.d.-studiet ved UiB finansiert av Statoil RDI (Research Development and Innovation).

Tid og stad for prøveforelesinga:
30.05.2013, kl. 11:15. Oppgitt emne: "The use of marine controlled-source electromagnetic methods in comparison/contrast to seismic methods in hydrocarbon exploration"
Stad: Auditorium 5, Realfagsbygget, Allégaten 41.

Tid og stad for disputasen:
11.06.2013, kl. 12:15, Auditorium 5, Realfagsbygget, Allégaten 41.

Kontaktpersonar:
Kristina Bakke, tlf. 97118192, e-post: krbakk@statoil.com

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.