Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Diskursmarkering blant ungdomar i Guatemala

Ana Luisa Acevedo-Halvick   

Ana Luisa Acevedo-Halvick disputerer fredag 20. desember 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“El Marcador del Discurso en el habla de los jóvenes guatemaltecos. Del análisis de la función interactiva a la función relevante”.

Diskursmarkørar er uttrykksmåtar (konjunksjonar, adverb, adjektiv, setningar m.m.) som vert brukte slik at talaren kan uttrykkja visse haldningar eller funksjonar i kommunikasjonen, eller for å binda saman eller slutta setningar (bruken av liksom eller da på norsk er eit godt døme av diskursmarkørar). Som studieobjekt innanfor språkvitskap har dette temaet i den siste tida vorte orientert mot ein pragmatisk synsvinkel, dvs. fokusert på den såkalla kommunikative kompetansen. Nye perspektiv i lingvistiske analysar prioriterer omtale og utgreiing av fenomen som er karakteristiske for språkbruken, framføre meir strukturalistiske trekk ved språket.

Nyare studiar fokuserer på alt som relatert til diskursstrukturen, samtaleanalysen og talaren si haldning til det som vert sagt og til det som er i ferd med å verta uttrykt. I samsvar med dette har Acevedo greidd ut visse karakteristiske og vanlege diskursmarkørar i språkbruken blant tenåringar frå hovudstaden i Guatemala (Ciudad de Guatemala), gjennom eit korpusbasert materiale. Med dette vil forfattaren leggja vekt på analysen av visse diskursmarkørar som t.d. a huevos 'med makt', puta 'hore', o sea pues 'liskom' i frå ein interaktiv og situasjonsrelevant dimensjon. Ho har òg analysert kor relevante desse diskursmarkørar er i talt språk for det som vert sagt og det som ikkje vert sagt, og korleis desse påverkar kommunikasjonspartnaren.

Analysen av markørbruken, spesielt blant tenåringar, er svært viktig fordi ungdomen meistrar ei rekkje ikkje-føresette setningstrekk som avdekker funksjonane desse trekka har i kommunikasjonen. Vidare vil Acevedo at hennar forskingsarbeid skal bidra til analysen av slike strukturar i mellomamerikansk spansk.

Disputasen vert halden på spansk.

Personalia:
Ana Acevedo-Halvick har vore stipendiat ved universitetet i Bergen på kvoteprogrammet.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.12.2013, kl. 16.00. Oppgitt emne: «Nuevos caminos en el análisis del discurso».
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Tid og stad for disputasen:
20.12.2013, kl. 09.30, Auditorium B, Sydneshagen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Ana Luisa Acevedo-Halvick, e-post: viaca10175@yahoo.fr

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.