Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2013
NY DOKTORGRAD Alvorleg depresjon – ein oppfølgingsstudie
“Major Depressive Disorder – a Ten Year Follow-up Study. Inhibition, Information Processing and Health Related Quality of Life”. Depresjon rammar 350 millionar menneske på verdsbasis, i følgje nye tal frå Verdas helseorganisasjon. Alvorleg depresjon er blant anna kjenneteikna av nedsett livskvalitet og vanskar med kognitiv funksjonsevne, som eksempelvis merksemd, konsentrasjon og evna til fleksibel tenking. Ein har lenge gått ut frå at nedsett funksjonsevne i den akutte depressive fasen heng saman med symptom på depresjon, og at vanskane ikkje lenger er til stades når ein vert betre av depresjonen. Nyare forsking viser derimot at denne oppfatninga må nyanserast, og at funksjonsevna hos mange kan vere nedsett utover den akutte depressive fasen. Dette doktorgradsarbeidet er ein 10-års-oppfølgingsstudie av ei gruppe menneske som har fått diagnosen gjentekne depresjonar. Doktorgradsarbeidet har sett på livskvalitet og ulike kognitive funksjonar i denne gruppa, og samanlikna desse resultata med ei gruppe friske kontrollpersonar. Resultata viser at trass i tilfriskning frå depresjon, er det framleis ein betydeleg skilnad mellom dei to gruppene når oppgåva krev at ein bryt med innlærte tankemønstre. Gruppa som har hatt gjentekne depresjonar bruker lenger tid på å løyse ei slik oppgåve. Resultata viser vidare ei betring i same tidsperiode på ei oppgåve som krev fokusert merksemd. På denne oppgåva er der ikkje lenger skilnad mellom dei to gruppene ved 10-årsoppfølginga. Avhandlinga har og sett på livskvalitet, og resultata viser her ei betydeleg betring over tid. På trass av dette er livskvalitet framleis lågare når ein samanliknar med dei som aldri har opplevd depresjonar. Avhandlinga baserar seg på ei av dei lengste oppfølgingsstudiane som er gjort på funksjonsevne hos menneske som har fått diagnosen gjentekne depresjonar. Avhandlinga peikar på eit behov for å tenkje meir langsiktig i behandling av depresjonar, og at det er behov for forsking som føl denne pasientgruppa over tid, både med tanke på førebygging av tilbakefall og rehabilitering. Personalia: Tidspunkt og sted for prøveforelesningen: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte. |