Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Tverrfaglege omgrep i akvakultur

Ole Kristian Våge   

Ole Kristian Våge disputerer fredag 16. mars 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

El conocimiento supradisciplinario en la terminología: El caso de la acuicultura.

Kva skjer når ulike fagfelt møtast for å løyse komplekse, praktiske problem? I denne avhandlinga analyserer Våge 114 omgrep frå fagfeltet akvakultur for å diskutere fenomenet tverrfaglegheit frå ein terminologisk ståstad.

Analysen syner at ulike epistemologiske krefter er med på å danne akvakultur som ein tverrfagleg disiplin. Kunnskap frå ulike opphav som rettsvitskap, etikk, rekneskapslære, biologi, genetikk, teknologi, medisin, fiskeri osb. møtast og gjev opphav til nye omgrep i akvakultur. Denne omgrepsanalysen viser at akvakultur oppstår i skjeringspunktet mellom natur og kultur. Opphava til desse omgrepa kan langt på veg forklarast med at kunnskapsproduksjonen i akvakultur er problemløysingsorientert, noko som vert gjenspegla i definisjonane av omgrepa. Analysen syner samstundes at fagfeltet er dynamisk med ustabile omgrep. Funna i avhandlinga vitnar om at akvakultur rommar ulike perspektiv på eitt og same studieobjekt, oppdrettsfisken. Gjennom terminologisk teori forklarar Våge korleis ein oppdrettsfisk vert konseptualisert på ulikt vis og dimed utgjer ein multidimensjonell referent.

Våge nyttar nyare litteratur om tverrfaglegheit frå vitskapsfilosofien og koplar denne saman med terminologisk teori og metode. Analysen av overskridinga av dei tradisjonelle faggrensene har difor gjeve opphav til ny innsikt som tilfører nye element til terminologisk teoridanning.

Personalia:
Ole Kristian Våge er fødd 09.02.1973 i Sande, Møre og Romsdal. Han har cand.mag.-graden frå Universitetet i Oslo og tok mastergraden i spansk språk og latinamerikakunnskap ved Universitetet i Bergen i 2005. Han var doktorgradsstipendiat ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon, Noregs handelshøgskole (NHH), frå 2007 til 2011, og arbeider i dag som rådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet.

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.03.2012, kl. 16.00. Oppgitt emne: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.
Stad: El papel de la lengua especializada y la terminología en la comunicación y la documentación profesionales de empresas.

Tid og stad for disputasen:
16.03.2012, kl. 09.30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9. Disputasen vil vere på spansk.

Kontaktpersonar:
Ole Kristian Våge, epost: ole.vage@sprakradet.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.