Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Genetikk og kjønn kan påverke risiko for KOLS

Inga-Cecilie Sørheim   

Inga-Cecilie Sørheim disputerer 14. desember 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Susceptibility to chronic obstructive pulmonary disease – gender, genetics and methodological aspects”.

Kva er grunnen til at nokon røykarar utviklar lungesjukdom medan andre ser ut til å vere beskytta mot skadeverkingane av røyking? Avhandlinga viser at individuelle faktorar som genetikk og kjønn kan påverke risiko for å utvikle kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS).

Undersøkingar har vist at 200 000 nordmenn kan ha KOLS. Typiske symptom er tung pust, hoste og oppspytt. Røyking er den viktigaste risikofaktoren, men ein ser store forskjellar i individuell sårbarhet for røyking.

Førekomsten av KOLS har auka dramatisk blant kvinner dei seinare åra. Dels skuldast dette at kvinner starta å røyke tidsmessig seinare enn menn, men dels kan utviklinga skuldast at kvinner er meir sårbare for røyking. Sørheim undersøkte samanhengane mellom kjønn, røyking og lungefunksjon i ei stor studie frå Bergen. Blant KOLS-pasientar som var enten yngre enn 60 år eller hadde røyka forholdsvis lite, hadde kvinner dårlegare lungefunksjon og meir alvorleg KOLS enn menn. Dette kan tyde på at kvinner er meir sårbare for KOLS i ung alder og/eller dersom dei har røykt lite.

Genetikk er av betyding ved KOLS. Alvorleg mangel på proteinet alfa-1 antitrypsin (AAT) er ein kjent genetisk risikofaktor. Om ein har arva defekte gen frå begge foreldra, har ein betydeleg auka risiko for tidleg utvikling av KOLS. Risikoen dersom ein berre har arva eitt defekt gen er uavklart. Sørheim viser at denne tilstanden kan vere forbunden med lett redusert lungefunksjon.

Sørheim undersøkte korleis variantar i genet SOD3 kan påverke KOLS-risiko. SOD3 er ein antioksidant som kan beskytte lungene mot skadeleg oksidativt stress. Ein av dei undersøkte genvariantane var forbunden med økt emfysem i lungene målt ved computer tomografi (CT). Funna tyder på at genet kan påverke risiko for emfysemutvikling ved KOLS.
Avhandlinga viser at genetikk og kjønn kan påverke risiko for KOLS. Slik kunnskap kan på sikt gi betre innsikt i sjukdomsmekanismar og legge forholda til rette for ei meir skreddarsydd behandling av den enkelte pasient.

Personalia:
Inga-Cecilie Sørheim er fødd i 1979 og oppvaksen i Vikedal, Rogaland. Ho er utdanna lege ved Universitetet i Bergen, og har vore stipendiat ved Institutt for indremedisin ved Universitetet i Bergen. Rettleiarar har vore professor Per Bakke og postdoc Ane Johannessen. Ho har også samarbeida med og hatt forskingsopphald ved Harvard Medical School (Boston, USA).

Tid og stad for prøveforelesinga:
14.12.2012, kl. 10.00. Oppgitt emne: "Incidence and prognosis of COPD in non-smokers".
Stad: Auditorium 1, BB-bygget, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
14.12.2012, kl. 12.00, Auditorium 1, BB-bygget, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Inga-Cecilie Sørheim, epost: inga.sorheim@gmail.com

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.