Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Ny kunnskap om biverknader av antipsykotika

Silje Skrede   

Silje Skrede disputerer fredag 20. april 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ” Developing a rodent model for antipsychotic-induced metabolic adverse effects.”

Mange pasientar med schizofreni eller andre alvorlege psykiatriske lidingar har nytte av behandling med såkalla antipsykotiske medikament. Desse medikamenta kan gje biverknader som overvekt, sukkersjuke og auka nivå av fettstoff i blodet, såkalla metabolske biverknader. Overvekt ser for ein stor del ut til å skuldast auka appetitt, men det er ikkje kjend korleis medikamenta utløyser denne eller andre forstyrringar i energiomsetninga. For å kartlegge mogelege årsaksmekanismar er det viktig å ha gode modellsystem.

Avhandlinga syner at antipsykotiske medikament aktiverer ei rekkje gen som regulerer fettstoffskiftet, både i dyrka celler og i rotte. Mange av desse gena er regulert av faktoren "sterol regulatory element binding protein" (SREBP), som blir aktivert av antipsykotiske medikament. Denne mekanismen for medikamenteffekt var tidlegare ukjend. Aktivering av signalvegar styrte av SREBP kan skje utan at matinntaket aukar, og kan vere mellom årsakene til at nivåa av fettstoff i blodet stig. Det er derfor viktig at pasientane vert kontrollerte med blodprøver medan dei er under behandling med antipsykotiske medikament. Funn frå modellsystema som er nytta i avhandlinga, har gitt grunnlag for hypotesar som no skal undersøkast i prøver frå pasientar. Forbetringar av modellane er likevel naudsynte for å auke den kliniske relevansen deira.

Personalia:
Silje Skrede (f. 1979) frå Fjell tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 2006. Forskingsarbeidet er utført ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin, Institutt for klinisk medisin, Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB. Rettleiarar har vore professor Vidar M. Steen og post.doc. Johan Fernø. Arbeidet har vore finansiert av stipend frå Universitet i Bergen og Helse Vest.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.04.2012, kl. 10.15. Oppgitt emne: "Hvordan kan omsetning av fettstoffer være forstyrret ved schizofreni?"
Stad: Auditoriet, Barneklinikken, Haukeland universitetssjukehus

Tid og stad for disputasen:
20.04.2012, kl. 13.15, Auditoriet, Barneklinikken, Haukeland universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Silje Skrede, epost: silje.skrede@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.