Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2012
NY DOKTORGRAD Nye forskingsmetodar bidreg til ny kunnskap om kreft
”Preclinical tumor visualization and functional characterization of p53 isoforms in cancer”. Gode kreftmodellar er viktig i kreftforskinga som går føre seg på laboratoriet. Resultata av forskinga blir meir relevante når vi greier å gjere forsøk som betre etterliknar det som kreften gjer i menneskekroppen. For å utvikle og teste nye kreftmedisinar er uttesting på mus ein viktig del av prosessen. Ein skånsam måte å overvake kreftutvikling og behandlingsrespons i mus, er å merke kreftcellene med eit fluoriserande protein. Dette gjer at man kan scanne musene og oppdage kvar kreften er sidan desse cellene avgjer fluoriserande lys, ein metode kalla optisk avbilding. Silden har i sitt arbeid utvikla eit nytt slikt kreftvisualiseringssystem basert på merking av kreftcellelinjer med eit enzym (nitroreductase), og visualisering av cellene ved injeksjon av et fargestoff som fluorescerar når det kjem i kontakt med celler som har dette enzymet. For bryst-, lunge- og blodkreft har Silden vist at ein med dette nye systemet kan sjå kreftutviklinga både på eit tidlegare stadium, og betre sjå spreiing av kreft i musemodellane. Dette systemet kan dermed vere svært nyttig for studie av mange krefttypar og ved uttesting av nye kreftmedisinar. Vidare har Silden studert to nyoppdaga variantar av det viktige kreftmotstandsproteinet p53, kalla p53β og p53γ. Denne studien er basert på funn av at desse p53 variantane har vist seg å ha samanheng med auka overleving og auka behandlingsrespons hos pasientar med akutt blodkreft (AML). Ved å lage ei DNA eining med p53β eller p53γ, har Silden overført desse til kreftceller som ikkje produserer desse proteina frå før. På denne måten kan endringar som oppstår på grunn av desse p53 variantane i kreftcellene studerast, og Silden har m.a. funne at dei aukar responsen på cellegiftbehandling og påverkar produksjonen av andre protein som er involvert i cellene sin kreftmotstandsrespons. Desse funna har medverka til kunnskap om funksjonen til p53β og p53γ som kan ha betyding for framtidig individuell målretta kreftbehandling. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |