Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2012
NY DOKTORGRAD Innført gran og verknader på artsmangfald i vestnorsk natur
”Impact of native and introduced coniferous species on biodiversity in semi-natural coastal vegetation, western Norway”. Framande artar kan vere eit trugsmål mot artsmangfaldet når arten klarar å spreie seg inn i nye økosystem. Skogplanting medfører ofte bruk av framande treslag, og særleg nord-amerikansk sitkagran (Picea sitchensis) og vanleg gran (P. abies) er innførte bartre som dekkjer store areal (1,65 mill. daa) langs vestlandskysten. Sitkagran er verdas største gran og den er i stand til å invadere naturleg vegetasjon. Tette granplantasjer kan forsure jordsmonnet og er ofte svært artsfattige, men vi veit lite om korleis sitkagrana påverkar artsmangfaldet når den spreier seg ut i norsk natur, t.d. i dei truga og verneverdige lyngheiene som vi finn langs kysten vår. Det er og mangel på kunnskap om i kva grad det er mogleg å få attende naturleg vegetasjon og jordsmonn dersom ein fjernar dei tette granplantingane, til dømes ved snauhogst. Saure har analysert vegetasjonen i vestnorske kystlyngheier som er invaderte av sitkagran og det einaste naturlege bartreet på Vestlandet, vanleg furu (Pinus sylvestris). Vidare har ho undersøkt utviklinga av vegetasjon og jordsmonn etter vindfelling av granplantingar (P. abies) på Sunnmøre. Saure finn at både sitkagran og furu reduserer talet på artar i kystlyngheiene, men at ulike plantesamfunn utviklar seg under dei to bartrea. Under sitkagran kan skogsplanter erstatte lyskrevjande lyngheiartar. Desse funna er viktige for skjøtsel av lyngheiene og Saure føreslår at tiltak bør setjast inn for å fjerne sitkagran i særleg verdfulle lyngheilokalitetar. Etter rydding av tette granplantingar finn Saure at det fire år etter vindfelling er skjedd store endringar; pH aukar i jorda og mange nye artar etablerer seg på snauflatene. Mest alle artane som finst i lokale bjørkeskogar vert funne att på snauflatene, noko som mellom anna kan skuldast spiring frå frø som har overlevd i jorda. Det ser såleis ut til å vere godt potensiale for utvikling av skogssamfunn som liknar lokale, naturlege bjørkeskogar når den første generasjonen med planta granskog vert fjerna. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |