Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2012
NY DOKTORGRAD Direkte japanske forretningsfolk
Direct and Indirect Communicative Styles. A Study in Sociopragmatics and Intercultural Communication. Based on 41 Interview Discourses with Norwegian and Japanese Business Executives. Innan fagfeltet interkulturell kommunikasjon, som tar for seg korleis kulturforskjellar påverkar kommunikasjon, finst ei forenkla og anekdotisk framstilling av japanske forretningsfolk som ‘indirekte’ og skandinaviske forretningsfolk som ‘direkte’ med dei forventa kommunikasjonsproblem det inneber. Diskursanalyse av transkriberte samtalar med 21 japanske forretningsfolk, busett i Tokyo og med erfaring i å samhandle med nordmenn, viser derimot at omkring halvparten av dei har ein kommunikasjonsstil som må karakteriserast som ‘direkte’ heller enn ‘indirekte’. Utsegn som: «Eg synes tog i Norge er forferdeleg forsinka» eller «kommunikasjonen innad i norske firma er frykteleg mangelfull» illustrerer ei slik direkthet. Det er ein klar tendens til at lengda og graden av nærleik til nordmenn eller andre ‘vestlege’ påverkar kommunikasjonsstilen. Det betyr at dei som har budd lengst i vestlege land eller jobba lengst i eit norsk firma i Japan, er mest direkte, og at myten om at alle japanske forretningsmenn er indirekte ikkje stemmer. Også omkring halvparten av 20 norske forretningsfolk, busett i Tokyo, kunne karakteriserast med ein ‘direkte’ stil, men utan forsterkande uttrykk. Det vil seia at utsegn som dei over heller ville bli: «Tog i Norge er forsinka». «Kommunikasjonen innad i norske firma er mangelfull», utan ord som «forferdeleg» og «frykteleg». Denne språkleg minimalistiske direktheten fanst ikkje i det japanske materialet, og kan moglegvis forklarast ut frå norske verdiar om sjølvstende og respekt for andre sitt personlege rom (å ikkje vera til bry). Trass i at ein del ulike praksisar i forretningskultur hos japanarar og nordmenn kunne skapa irritasjon, styrker nordmenns ikkje-aggressive kommunikasjonsstil kjensla av eit sterkt fellesskap mellom japanske og norske forretningsfolk i Tokyo. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |