Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2012
NY DOKTORGRAD Små RNA-molekyl regulerer hukommelsen vår
"miRNA-mediated regulation of translation in synaptic plasticity’’. Hjernen er det mest samansette organet vi har, og i tillegg til å vere kontrollsenter for resten av kroppen, er hjernen staden der hukommelsen vert danna. Komplekse hjernefunksjonar, som hukommelse, krev nøye regulering av proteinsyntesen i nervecellene. Dette er eit komplekst system styrt av ei rekke proteinfaktorar, og vi veit no at små RNA-molekyl, microRNA (miRNA) spelar ei sentral rolle. Til skilnad frå messengerRNA (mRNA), som kodar for protein, er miRNA ikkje-kodande RNA og regulerer proteinsyntese ved å binde til mRNA. Dei seinare år har det blitt klart at miRNA er viktige i reguleringa av neuronal utvikling og funksjon og at feilregulering av miRNA er ei viktig årsak til neuropsykiatriske lidingar, som Alzheimers, Parkinsons og schizofreni og for ulike typar tumorar i hjernen. I avhandlinga har Balagopal Pai identifisert miRNA som regulerer proteinet Arc, eit protein som ofte blir sett på som ein masterregulator av hukommelse. Pai har og undersøkt om ulike miRNA er regulert under danning av hukommelse. miRNA blir regulert av ulike faktorar og ein viktig regulator er proteinet Argonaute2 (Ago2). Pai har funne at elektrisk stimulering av gyrus dentatus, som er den hjerneregionen som er ansvarleg for konsolidering av minne, fører til reduksjon av Ago2 i vaksne rotter. Pai har og funne at miRNA raskt blir degradert når hukommelse blir danna. Desse funna er nyttige for å forstå kva rolle miRNA spelar for hukommelse og for lidingar som fører til hukommelsestap og demens. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |