Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Ørsmå næringsstoff er viktige i kampen mot diaré

Manger Mari Skar   

Mari Skar Manger disputerer torsdag 23. februar 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

“Micronutrient deficiencies and childhood infectious disease - zinc, folate, cobalamin and diarrhoea”.

Mikronæringsstoff (vitaminar og mineralar) er ørsmå, men livsviktige bestanddelar av maten vi et. Diverre er det slik at ein tredjedel av borna i verda får i seg for lite av eitt eller fleire av desse små næringsstoffa.

Kvar dag døyr 4000 born av diaré. Born med for eksempel sinkmangel får fleire og lengre diaréepisodar og kjem inn i ein vond sirkel av underernæring og smittsame sjukdommar som hemmar framtidig helse, utvikling, utdanning og produktivitet. Heldigvis kan tilskot av sink og andre mikronæringsstoff førebygge diaré.

Historisk sett har forsking på feltet fokusert på einskilde mikronæringsstoff, medan det i røynda er slik at fleire manglar sameksisterer. Arbeidet i avhandlinga har difor fokusert på samspelet mellom ulike mikronæringsstoff i førebygging av diaré i to ulike populasjonar der fleire manglar er vanlege: skuleborn i det nordaustlege Thailand, og 6 til 30 månader gamle småborn i ein slum i New Delhi, India.

I studien i Thailand viste vi at å gjere skulelunsjar rikare på sink, jern, vitamin A og jod i 7 månader førte til mindre diaré og færre symptom knytte til forkjøling. I tillegg fann vi at borna som fekk lunsj som var gjort rikare på mikroernæringsstoffa skåra betre på kognitive testar. Studien er viktig fordi vi viste at ein slik enkel intervensjon kunne betre fleire sider av borna si framtidige helse.

Blant indiske born som deltok i ein stor studie av effekten av sinktilskot, fann vi at sinktilskot hadde betre effekt på langvarig diaré hjå born med dårleg vitamin B12-status enn hjå born med betre vitamin B12-status. Dermed identifiserte vi ei gruppe som hadde særs god effekt av sinktilskot.

I same studien i India undersøkte vi også om det var samanheng mellom vitamin B12- og folatstatus og førekomst av diaré som varer ulik lang tid. Det viste seg at dårleg folatstatus var knytt til auka førekomst av langvarige diaréepisodar. Funnet tilseier at tilskot av folat bør prøvast ut i ein klinisk studie i denne populasjonen.

Personalia:
Mari Skar Manger er født i 1980 og oppvaksen på Radøy. Ho tok MSc-graden i ernæring i 2004 ved University of Otago, New Zealand. Ph.D.-arbeidet vart utført ved Institutt for indremedisin og Senter for internasjonal helse i perioden 2008 – 2011, med professor Ottar Nygård og professor II Tor A. Strand som rettleiarar. Manger har sidan august 2011 halde fram med å arbeide med problemstillingar knytte til underernæring som forskings- og utviklingsleiar i Compact AS.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
23.02.2012, kl. 9.15. Oppgitt emne: The impact of micronutrient supplements for infants & young children in the context of breast feeding
Sted: Auditorium 2, BB-bygget, Jonas Lies vei 91.

Tidspunkt og sted for disputasen:
23.02.2012, kl. 10.30, Auditorium 2, BB-bygget, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersoner:
Mari Skar Manger, 942 92059, epost: mari.manger@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.