Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2012
NY DOKTORGRAD For eksempel!
«Eksempelet og kunnskapens orden. Ein analyse av eksempel i munnlege og skriftlege didaktiske tekstar». Eksempel er i dagleg bruk både i og utanfor klasserom. Det å vise til eit eksempel kan vera ein måte å forklara eit fenomen på, eller ein måte å dra i tvil ei fastlagt oppfatning på. Trass i at språklege eksempel er i bruk i alle fag, har dei fått lita merksemd både i studiar av språk og didaktikk. Høisæters arbeid dreier seg om eksempel brukt i ulike fag i skulen. I alle fag er det eit mål å sjå samanhengar mellom fenomen i verda og dei teoriane og omgrepa som faga organiserer kunnskap med. Slike samanhengar kan i undervisning skapast på ulike måtar, ein av dei er å gi språklege eksempel på teoriar eller omgrep. Høisæter har samla inn eksempel som har vore brukt i undervisning, både munnlege eksempel frå klasserom og skriftlege eksempel brukt i lærebøker frå opplysningstida og moderne tid. Desse dannar ei eksempelsamling som er den sentrale basen i Høisæter sin tekststudie. Dei innsamla eksempla har narrativ form, dei er eksempelforteljingar. Det er bruken som gjer at ei forteljing vert oppfatta som eit eksempel. Høisæter føreslår i arbeidet sitt ein modell for korleis eksempel fungerer, og ei inndeling av eksempel i tre ulike typar. Dei tre typane kallar ho synekdokiske eksempel, eksempel om slikt som har skjedd i fortida, normative paradigme, eksempel som gir råd om korleis ein bør handla i framtida, og deskriptive paradigme, eksempel som illustrerer eit eller anna fenomen. Typologien og modellen er deretter utgangspunkt for ei rekkje analysar av enkelteksempel som demonstrerer korleis eksempel fungerer i ulike faglege samanhengar, og som peikar mot at eksempla har ulike vilkår i dei ulike kjeldene dei er henta frå. Eksempelstudien med forslag til typologi vil seinare kunna vera eit utgangspunkt for å studera korleis eksempel blir brukt i faktiske undervisningssituasjonar, studien vil også kunna ha relevans i forhold til arbeid med kva som kjenneteiknar ulike typar fagspråk, eit spørsmål som er aktualisert gjennom arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter i fag. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |