Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

PC i matematikktimen – elevar og lærarar som forskarar

Rune Herheim   

Rune Herheim disputerer tysdag 19.6.2012 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Pupils collaborating in pairs at a computer in mathematics learning:
investigating verbal communication patterns and qualities”

Avhandlinga knyter seg til to viktige område i skulen: matematikkundervising og bruk av pc. Fokuset er å kartleggja og utvikla elevar i 9. klasse sin kommunikasjon og geometrilæring når dei arbeider i par og deler éin pc. Elevane og lærarane som deltek i dette prosjektet er reelle medforskarar. Dei har vore med og funne kva dei gjer bra og kva som kan forbetrast ved å analysera videoopptak frå timane.

Avhandlinga skildrar skilje mellom elevar som lukkast med å dra fordel av å vera to og elevar som ikkje gjer det. Diskusjonane til elevane som lærer matematikk gjennom samarbeid i par er kjenneteikna av kommunikasjonsmønster som å «fullføra kvarandre sine setningar», «nytta den andre sine ord og vendingar» samt «snakka i kor». Dei klarar å setja seg inn i perspektiva til den andre. Elevane som ikkje klarar å dra fordel av å vera to skriv det dei tenkjer rett inn på pc-en utan meir forklaring, utviklar lite felles språk og slit med tause periodar og lite framdrift. Dei går lite inn i kvarandre sine forslag og snakkar til tider «kvar for seg». Avhandlinga viser òg gjennom detaljert samtaleanalyse korleis to svært ulike elevar har stort utbyte av å samarbeida. Den eine eleven legg mest vekt på detaljar og nøyaktigheit medan den andre ser på heilskap. Elevane si forståing vart forma og kvesst i eit samspel mellom ulikskapar. Dei utviklar eit felles språk og engasjement ved å lytta og stilla spørsmål til kvarandre sine perspektiv.

Kunnskap om kommunikasjonsmønster og om samarbeid mellom elevar med ulike perspektiv er verdifull for lærarar når dei skal vurdera om elevar treng hjelp til det faglege, til å samarbeida, eller om dei treng utfordringar. Avhandlinga viser òg at læraren treng god digital og fagleg kompetanse for å vita når bruk av pc kan tilføra elevar si matematikklæring noko som bok og blyant ikkje kan. I denne avhandlinga brukar elevane ein nettressurs der ein kan vri og vrenga på figurar og umiddelbart sjå korleis areal, omkrins, vinklar og lengder endrar seg.

Personalia:
Rune Herheim er fødd i 1977 og kjem frå Voss. Han er utdanna ved Universitetet i Bergen og oppnådde cand.mag.-grad i matematikk og fysikk i 2001 og cand.scient.-grad i matematikkdidaktikk i 2004. I perioden frå 2001-2007 har Herheim arbeidd ved Høgskulen i Bergen, avdeling for lærarutdanning. I perioden 2008-2012 har han vore tilsett som universitetsstipendiat ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.06.2012, kl. 9.15. Oppgitt emne: : «The relationship between talk at computers and students learning of mathematics. Theoretical perspectives and implications for practice.”
Stad: Auditorium 130, Christiesgt. 12, 1. etasje.

Tid og stad for disputasen:
19.06.2012, kl. 10.30, Auditorium 130, Christiesgt. 12, 1. etasje.

Kontaktpersonar:
Rune Herheim, tlf: 952 72414, epost: rune.herheim@psych.uib.no.

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.