Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Betre livskvalitet hjå tannlause med trykknapp-protese

Harald Gjengedal   

Harald Gjengedal disputerer fredag 2. november for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Prosthetic rehabilitation of the edentulous”.

Tannlause pasientar som får erstatta manglande tenner med avtakbare heilprotesar har mange utfordringar ved bruk av protesane. Den største utfordringa er knytt til feste av heilprotesa. Dette gjev funksjonelle problem ved tygging og snakking. Enkelte studie viser òg at pasientar med heilprotesar kan ha eit lite tilfredsstillande kosthald.

Fyrste del av Gjengedal si avhandling viser at dei fleste med heilprotesar var tilfredse med heilprotesane sine og rapporterte god munnhelse. I tillegg var pasientar med heilprotesar i begge kjevar meir nøgd enn dei med protese berre i overkjeven og med tenner i underkjeven.

Den andre delen av avhandlinga er ein klinisk studie avgrensa til proteseberarar som var misnøgde med underkjeveprotesane sine. Deltakarane vart rekrutterte frå Bergen og nærliggande distrikt, og tilfeldig delt inn i to grupper. I den eine gruppa vart tilpassinga av protesa optimalisert med ei fòring. I den andre gruppa vart protesa kopla til to implantat (skruar i kjeven) ved hjelp av eit trykknappsystem som gav vesentleg betre feste for heilprotesa. Etter tre månadar rapporterte pasientane i implantatgruppa færre daglege problem med bruk av heilprotesa og betre livskvalitet knytt til munnhelse. Dei rapporterte også betre tyggeevne av enkelte matvarer. Pasientane i den andre gruppa rapporterte ingen av desse endringane. Skilnaden mellom gruppene var uendra ved kontroll etter to år. Det var derimot ikkje skilnad mellom gruppene på inntak av energi, vitamin og mineral frå kosten, men begge gruppene hadde for høgt inntak av metta fett og for lavt innhald av fiber, vitamin C og folat.

Avhandlinga viser at protesebrukarar som er misnøgde med protesane får markert betre livskvalitet knytt til munnhelse kort tid etter behandling med trykknapp-protese. Betringa synes å vere varig. Behandlinga bør difor tilbydast proteseberarar som eit godt alternativ ved rehabilitering av tannløyse. I tillegg bør det vurderast å gje rettleiing i optimalt kosthald.

Personalia:
Harald Gjengedal er født 3. september 1956 på Sandane. Han vart utdanna tannlege ved Universitetet i Bergen i 1980 og har arbeidt både i Den Offentlege Tannhelsetjenesta og i privatpraksis. Han har vore deltidstilsett som instruktørtannlege/spesialtannlege ved Universitetet i Bergen sidan 1997, og vart godkjent spesialist i oral protetikk i 2003. Frå 2005 til 2011 har han vore ph.d.-stipendiat på deltid ved Universitetet i Bergen.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
02.11.2012, kl. 10.15. Oppgitt emne: "Assessing Prostheses for Edentate Patients".
Sted: Auditorium Cavum, Årstadveien 19.

Tidspunkt og sted for disputasen:
02.11.2012, kl. 12.15, Auditorium Cavum, Årstadveien 19.

Kontaktpersoner:
Harald Gjengedal, tlf. 55 58 65 48, epost: harald.gjengedal@iko.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.