Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2012

NY DOKTORGRAD

Euroskeptisisme – ideologi og partistrategi

Bjarte Folkestad   

Bjarte Folkestad disputerer fredag 17. august for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Kva er Euroskeptisisme, og kvifor er parti euroskeptiske?"

EU – ja eller nei, tvil og tru – spørsmåla set sitt preg på den politiske debatten i store delar av Europa. Den veksande politiske skepsisen og kritikken mot EU, særleg integreringspolitikken, har forsterka den akademiske interessa for EU-spørsmål.

- Eg likar korkje EU eller mangfald. Dette respondentsynet illustrerer ein euroskeptisk grunntone iblant partielitar i fleire land – i og utanfor unionen. Folkestads avhandling kastar lys over euroskeptisisme som omgrep, og presenterer metodar for å måle partibasert euroskeptisisme.

Avhandlinga viser at for å forstå EU og europeisk integrasjon må ein også forstå motstanden mot desse. I så måte er avhandlinga relevant også for den heimlege debatten.

I dei empiriske analysane bruker Folkestad ei rekkje datakjelder og han nyttar både kvantitative og kvalitative metodar og teknikkar . Avhandlinga er mellom anna basert på analysar av intervju med partielitar frå 16 europeiske land, og desse blir brukte til å teste ulike forklaringsmodellar bak euroskeptisisme. Dette er data henta frå det transeuropeiske forskingsprosjektet Eurosphere som er koordinert frå Universitetet i Bergen. Folkestad har gjort ein særskilt analyse av haldningar til europeisk integrering blant euroskeptiske partielitar i Noreg og Danmark. Vidare er partiprogram i perioden 1990-2010 frå 30 europeiske land analysert.

Avhandlinga stadfester at euroskeptisisme er særleg forankra på flankane i partisystema. Dessutan viser Folkestad at parti som står langt frå kvarandre på venstre-høgre aksen har nokså like (mot)argument når det gjeld europeisk integrasjon. Ideologi og partistrategi er likevel viktige forklaringsvariablar når det gjeld syn på Europeisk integrasjon. Euroskeptisisme og synspunkt på innvandring representerer element som for mange av partielitane i Europa passar inn i eit breiare ideologisk grunnsyn. På same tid må partia si vektlegging av euroskeptisisme sjåast i lys av partistrategiske vurderingar, som til dømes moglegheiter for deltaking i regjering.

Personalia:
Bjarte Folkestad er frå Stranda, Møre og Romsdal. Han er master frå Institutt for samanliknande politikk. UiB, 2005. Han var deretter knytt til Uni Rokkansenteret, før han starta doktorgradsarbeidet gjennom Eurosphereprosjektet. Folkestad arbeider no som forskar ved Uni-Rokkansenteret.

Tid og stad for prøveforelesinga:
16.08.2012, kl. 15.15. Oppgitt emne: "Public Euroscepticism, civil society and economic interests: anti-EU sentiments outside of political parties".
Stad: Auditorium Ulrike Pihls Hus, Professor Keysers gate 1.

Tid og stad for disputasen:
17.08.2012, kl. 10.15, Auditorium Ulrike Pihls Hus, Professor Keysers gate 1.

Kontaktpersonar:
Bjarte Folkestad, telefon: 55588065, mobil: 97546335 , epost: bjarte.folkestad@uni.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.