Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2011
NY DOKTORGRAD Proteinoppsamling som årsak til diabetes
”Pancreatic exocrine dysfunction and diabetes: Molecular and functional studies of the carboxyl-ester lipase gene”. Bukspyttkjertelen er eit organ med fleire funksjonar. Kjertelen produserer fordøyelsesenzym som bryt ned mat i tarmen, og hormon, blant anna insulin, som vert skilt ut til blodet og regulerer blodsukkernivået. Forstyrringar i insulinutskillinga kan føre til diabetes. Tidlegare har ein trudd at arveleg diabetes berre skuldast i mutasjonar i genar som regulerer dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen. Men i 2006 fann Bergen Diabetesforskningsgruppe at mutasjonar i genet karboksyl-ester lipase (CEL), som regulerer fordøyelsesfunksjonen, fører til både mageplager og diabetes. Årsaka til at pasientane får diabetes har ikkje vore kjend. Janniche Torsvik har i arbeidet sitt vist at CEL-genet sin struktur varierer mykje i befolkninga, men at mutasjonar i genet er ein sjeldan årsak til arveleg diabetes. Ved å studere både det normale og det muterte CEL-proteinet i cellekulturar vart det funne at det øydelagde proteinet har ein tendens til å klumpe seg saman (aggregere), både inni og utanfor cellene. Det vart også funne eit høgare nivå av stress i cellene som produserte det muterte proteinet enn i celler som produserte den normale varianten. Torsvik fann, ved å nytte ulike mikroskopiske teknikkar, at CEL-mutasjonen førte til ei endra lokalisering av proteinet inne i cellene, og at det muterte proteinet truleg vert brote ned i ein prosess kalla autofagi. Årsaka til utviklinga av sjukdom hjå pasientane med mutasjonar i CEL-genet kan difor vere auka cellestress på grunn av proteinaggregering. Dette kan føre til celledød og påfølgjande svikt i bukspyttkjertelen sine funksjonar. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |