Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Nøyaktig og effektiv berekning av dose i stråleterapi

Marcin Sikora   

Marcin Sikora disputerer torsdag 13.10.2011 for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Virtual Source Modelling of Photon Beams for Monte Carlo based Radiation Therapy Treatment Planning”.

Sikora har utvikla ein modell for nøyaktig og effektiv doseberekning i avansert stråleterapi av kreft. Nøyaktig doseberekning er viktig for å sikre at pasienten faktisk får den strålebehandlinga ein ynskjer. Sikora si avhandling fokuserer på modellering av sjølve strålemaskina – ein såkalla lineærakselerator. Denne akselererer opp elektron til høg hastigheit, og når desse elektrona treff ei plate laga i eit tungt metall (vanlegvis tungsten), får ein produsert fotonstråling (lyspartiklar med mykje høgare energi enn synleg lys). Denne strålinga vert både filtrert og forma i ”hovudet” på akseleratoren før den treff pasienten.

For å kunne modellere desse prosessane, har Sikora nytta såkalla Monte Carlo-simuleringar. Det er ein statistisk metode der ein gjentar eit eksperiment mange tusen gongar for å finne sannsynlege utfall. For å kunne simulere ein nøyaktig dose, må ein simulere kring 100 millionar elektron, der mindre enn 10 % av desse når fram til pasienten. I praktisk strålebehandling nyttar ein difor alternative modellar som er litt mindre nøyaktige, men langt meir effektive.

Sikora sin modell nyttar sannsynsfordelingar for ulike prosessar, for effektivt å kunne rekne ut ein nøyaktig dose. Modellen er implementert i eit kommersielt doseplanleggingssystem og vert no brukt i mange stråleterapisenter rundt om i verda for behandling av kreftpasientar.

Personalia:
Marcin Sikora vart fødd i Radom i Polen i 1977. Han fullførte mastergraden sin i Krakow i Polen i 2002. Doktorgradsprosjektet er delvis utført i Tübingen i Tyskland og delvis ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for prøveforelesingane:
12.10.2011, kl. 14.15. Sjølvvald emne: “From Weapons of Mass Destruction to Saving Life - Introduction to Monte Carlo methods”
13.10.2011, kl. 10.15. Oppgitt emne: Radiotherapy with hadron beams and verification of the beam delivery
Stad: Auditorium B-302, Haukeland Universitetssjukehus

Tid og stad for disputasen:
13.10.2011, kl. 12.15, Auditorium B-302, Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Marcin Sikora, epost: marcin.sikora@helse-bergen.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlinga er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.