Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2011
NY DOKTORGRAD Livet etter underlivskreft
”Livet etter underlivskreft. Kvinner sine erfaringar fem og seks år etter behandling for kreftsjukdom.” Avhandlinga tek for seg korleis det kan opplevast for kvinner å få underlivskreft og korleis desse erfaringane verkar inn på livet i eit langtidsperspektiv. Forskingsmaterialet er djupintervju med kvinner fem og seks år etter at dei blei behandla for underlivskreft. Kvinnene sine erfaringar viser at kreftsjukdomen var ein livsendrande prosess som på ulike måtar førte til djuptgripande endringar i livet. Kroppslege endringar, som òg hadde relasjonelle og eksistensielle aspekt, var framleis utfordrande å leva med fem og seks år etter behandling. At endringane mellom anna var knytt til sårbare og intime tema, gjorde dei ekstra vanskelege å koma til rette med. Samstundes hadde kreftsjukdomen henta fram ei djup takksemd for livet og revitalisert verdiar hjå mange av kvinnene. I tre typologiar viser studien variasjonar i forhold til korleis kvinnene møtte og levde seg gjennom krefterfaringane. Studien har gitt kunnskap om korleis kreftsjukdom kan endra livet på måtar som både er vanskelege og berikande for livet vidare. Resultata frå studien gir innsikt som kan brukast til å betra informasjon og vegleiing til kvinner som blir behandla for underlivskreft. Kvinnene kan slik bli betre i stand til å møta kroppslege endringar og mulege konsekvensar på lengre sikt, som til dømes endringar for seksuallivet. Studien viser òg at ein bør styrka den heilskaplege oppfølginga ved mellom anna å skapa rom og tid for samtale. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |