Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Prosessar som styrer varme og ferskvatn i dei nordiske hava

Ole Henrik Segtnan   

Ole Henrik Segtnan disputerer fredag 2. september for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Computing ocean budgets and transports in the Nordic seas from direct and indirect methods”

Temperatur- og saltinnhald i dei nordiske havområda er viktig med tanke på den globale havsirkulasjonen og det lokale fisket. Kunnskap om kva som avgjer desse eigenskapane er difor naudsynt.

I avhandlinga presenterer Ole Henrik Segtnan blant anna budsjett for masse, varme og ferskvatn for det kalde og ferske Grønlandhavet og det varme og salte Norskehavet, ved bruk av observasjonar tekne på 1990-talet. Resultata tyder på at omfattande utveksling av vassmengder mellom dei to havområda finn stad. I lag med varmetap til atmosfæren gjev dette utslag i kraftig avkjøling av vatn i Norskehavet.

I avhandlinga studerer Segtnan i tillegg effekten av andre prosessar som påverkar vassmengder i dei nordiske hava. Havstraumane har vist seg å vere svært viktig, og endringar i desse kan gje utslag i temperatur og saltinnhald i våre farvatn. Difor er det interessant å studere korleis transportane har endra seg i tid. Eit hovudfunn i avhandlinga er at straum til Barentshavet kan reknast ut for periodar der direkte målingar ikkje har vore tekne. Dette er mogeleg ved å nytte ein nyutvikla metode som knyter straum til observerte prosessar. Også delar av variasjonen i transport frå det nordlege Atlanterhavet til Norskehavet kan reknast ut ved bruk av metodar alternative til direkte målingar. Dette gjev informasjon om tidlegare temperatur- og saltendringar i desse områda.

Personalia:
Ole Henrik Segtnan er fødd i 1981 og har vakse opp i Bergen. Våren 2006 tok han mastergradseksamen i fysisk oseanografi ved Universitetet i Bergen, og sidan 2007 har han vore tilsett som stipendiat ved Geofysisk Institutt. Doktorgraden er utført under rettleiing av Professor Tore Furevik og Alastair Jenkins.

Tid og stad for prøveforelesinga:
18.08.2011, kl. 11.15. Oppgitt emne: "On the Arctic Mediterranean's role in climate models and its observational basis"
Stad: Auditoriet, Geofysisk Institutt, Jahnebakken 3

Tid og stad for disputasen:
02.09.2011, kl. 13.15, Auditoriet, Geofysisk Institutt, Jahnebakken 3

Kontaktpersonar:
Ole Henrik Segtnan, tlf 55582624, epost: ole.segtnan@gfi.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.