Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Behandling av sjuke fiskelarvar i oppdrett

Irja Sunde Roiha   

Irja Sunde Roiha disputerer 1. mars 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Bioencapsulation of florfenicol in Artemia franciscana and Brachionus plicatilis for treatment of bacterial diseases of Atlantic cod (Gadus morhua) and Atlantic halibut (Hippoglossus hippoglossus) larvae.”

I marine fiskeklekkeri hindrar sjukdomar stabile, høge produksjonar av yngel. Då marine larvar har lite utvikla immunsystem, kan dei ikkje vaksinerast mot aktuelle sjukdomar. Førebygging av sjukdomar er viktig, men når dei først oppstår, må det behandling til. Gjennom arbeidet er det utvikla ein metode for effektiv innkapsling av florfenikol i levande fôrorgansimar, slik at dei kan nyttast i behandling av bakterielle sjukdomar hjå marine fiskelarvar.

Marine fiskelarvar er avhengige av levande fôrorganismar i dei tidlege livsstadia. Dei mest brukte er hjuldyr, Brachionus plicatilis, og saltkrepsen Artemia franciscana. Fôrorganismar filtrerar næringspartiklar frå vatnet, og før dei vert gitt til larvane betrar ein næringsverdien ved å tilsetje ulike næringsstoff til vatnet, som ei oppriking.

Tanken bak bioinnkapsling er å nytte levande fôrorganismar som ein ”tablett” for larvane. i studien vart det undersøkt om ein kan behandle sjuke larvar med florfenikol ved bruk av hjuldyr og/eller Artemia. Florfenikol eit breispektra antibiotikum som er aktivt mot ei rekkje bakteriar.

Florfenikol er tungt løyseleg i sjøvatn og vil difor føreliggje som partiklar når det tilsettast i vatnet. Det vart undersøkt om florfenikol i partikkelform vart teke opp av hjuldyr og Artemia, kva konsentrasjonar ein kan oppnå og kor raskt denne prosessen går. I vidare studiar vart opprika fôrorgansimar gitt til fiskelarvar, og det viste seg at det er mogleg å medisinere desse ved hjelp av levande fôrorgansimar.

Det nye med denne metoden er at opprika av fôrorganismane går raskt (30-60 minutt). Tidlegare studiar, med oppriking av andre typar antibiotika i Artemia, har gått over fleire timar. Dersom ein skal behandle sjukdom i klekkeri, er det viktig å kome i gang med behandling så raskt som mogeleg, før larvane blir så dårlege at dei sluttar å ete.

Metoden har også andre bruksområde og kan nyttast i alle klekkeri der ein brukar levande fôrorganismar, til til dømes andre medikament og immunstimulantar.

Personalia:
Irja Sunde Roiha vart fødd i 1977 og vaks opp på Sunde på Sunnmøre. Ho har Bachelor of Science i mikrobiologi frå University of Surrey, UK, og hovudfag i mikrobiologi frå Universitet i Bergen/ Universitetsstudiane på Svalbard. Ho har sidan hausten 2005 arbeidd som stipendiat ved Havforskingsinstituttet og doktorgradsarbeidet har vore utført med Ole Bent Samuelsen som rettleiar. Arbeidet har vore støtta av Noregs Forskingsråd.

Tid og stad for prøveforelesinga:
31.01.2011, kl. 10:15. Oppgitt emne: "Application of probiotic microbes in the larval phase of cultured marine cold water fish species"
Stad: Seminarrom K1, Biobyggene, Høyteknologisenteret

Tid og stad for disputasen:
01.03.2011, kl. 10:15, Auditoriet, VilVite senteret, Thormølensgate 51

Kontaktpersonar:
Irja Sunde Roiha, tlf. 45 66 16 65, epost: irja@imr.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.