Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Korleis får djupvasskorallar mat, og kan CO2 lagrast i havet?

Kristin Rygg   

Kristin Rygg disputerer onsdag 15. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Modeling topographic effects on transport of tracers in the bottom boundary layer using RANS-models”.

Djupvasskorallrev finst utanfor norskekysten, kan verta opp til 10 000 år gamle. Dei er knytte til stort biologisk mangfald, og er svært viktige for fisket. Trass i den høge nytteverdien, eksisterer det lite kunnskap om kva som er dei avgjerande faktorane for vekst av korallrev i djuphavet. Det er vanleg å gå ut ifrå at korallreva er avhengige av at næring vert transportert kontinuerleg til havbotnen ved hjelp av havstraumane. Det er derimot uvisst kva som er årsaka til at gunstige, langvarige eller periodiske straumar oppstår i spesifikke regionar.

I dag er det også eit stort fokus på potensielle konsekvensar av auka CO2-konsentrasjonar i atmosfæren. Havet dekkjer omlag 70 prosent av jordkloden, og har potensiale for å lagra store mengder CO2. Men lagring kan føra til uynskte konsekvensar for livet i havet. Styrken og intensiteten til havstraumane påverkar konsentrasjonane av CO2 i havet, og høge konsentrasjonar fører til auka stressnivå for både plankton og fisk.

For å studera mattilgang til korallar og spreiing av CO2 i havet, har Kristin Rygg nytta numeriske havmodellar. Desse modellane reknar ut hastigheiter, trykk, og konsentrasjonar for ulike tidspunkt, og kan mellom anna nyttast til å gje kunnskap i situasjonar der det ikkje eksisterer målingar. Botnstraumane er påverka av det undersjøiske landskapet, med mellom anna fjell og dalar. Roterande rørsler (kvervlar) kan verte danna på grunn av det undersjøiske landskapet. I avhandlinga viser Rygg korleis desse kvervlane påverkar fordelinga av næring og CO2konsentrasjonar i havet. Vidare viser ho at mattilgangen til organismar som lever på botnen, aukar i regionar der det oppstår kvervlar. Næringstilgangen ved botnen er særleg høg i område der kvervlane er stasjonære, står i ro.

Derimot om ein studerer lagra CO2 i havet, fører kvervlar til auka vertikal blanding av CO2, og spreiing av CO2 til større regionar. Dei mest gunstige lagringsforholda er her funne i undersjøiske dalar med låge hastigheiter og lite roterande rørsler.

Personalia:
Kristin Rygg (f1981) har vakse opp på Indre Hafslo i Luster, Sogn og Fjordane. Våren 2006 tok ho mastergradseksamen i anvendt matematikk ved Universitetet i Bergen. Etter mastergraden jobba ho som sikkerheitsingeniør ved Safetec Nordic AS, før ho starta som forskar ved UniComputing, Uni Research, hausten 2007. Doktorgraden er utført ved Geofysisk Institutt under rettleiing av Peter Mosby Haugan og Guttorm Alendal.

Tid og stad for prøveforelesinga:
16.05.2011, kl. 11:15. Oppgitt emne: ”Physical processes that affect boundary layer height in the ocean and atmosphere”
Stad: Auditoriet, Geofysisk Institutt, Jahnebakken 3

Tid og stad for disputasen:
15.06.2011, kl. 10:15, Auditoriet, Geofysisk Institutt, Jahnebakken 3

Kontaktpersonar:
Kristn Rygg, tlf 55 58 41 70, epost: kristin.rygg@uni.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.