Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2011
NY DOKTORGRAD Avansert bekken-stråleterapi for å redusere dose til tarm
”Exploring and exploiting the potential of IMRT to spare the bowel”. Avhandlinga handlar om bruk av avansert stråleterapi, såkalla intensitets-modulert strålebehandling (IMRT), for behandling av pasientar med prostatakreft som får stråling mot lymfeknutar i bekkenet. Hysing sine resultat syner at behandling med avansert stråleterapi kan resultere i ei betre dosefordeling til svulsten, og samtidig redusere dosen til nærliggande friske organ som tarm og blære, samanlikna med konvensjonell strålebehandling. IMRT er difor standardbehandling for desse pasientane ved Haukeland Universitetssjukehus i dag. I avhandlinga fokuserer Hysing særleg på korleis ein kan unngå å stråle tarmen - eit organ som er spesielt utsett med tanke på biverknader etter stråling av bekkenet til dømes ved behandling av prostatakreft, gynekologisk kreft eller blærekreft. Dette er både fordi tarmen er svært sensitiv for stråling og fordi den ofte ligg nært det området som skal behandlast. Ei stor utfordring når ein prøver å unngå å stråle tarmen, er at han heile tida rører på seg. Hysing har i sitt doktorgradsarbeid utvikla ein metode som tar omsyn til tarmbevegelse i planlegging av behandlinga for desse pasientgruppene. Metoden er basert på eit antal repeterte CT scan (indre anatomiske bilde) av pasienten. Desse gjev informasjon om korleis posisjonen til tarmen varierer fra dag til dag for den spesifikke pasienten. Hysing har brukt denne informasjonen til å lage tredimensjonale kart som viser kvar i pasienten det er mest sannsynleg å finne tarm. Metoden legg grunnlaget for ei sikrare strålebehandling av svulstar i bekkenet, og kan på sikt opne for behandling med høgare doser utan å auke risikoen for alvorlege biverknader. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |