Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Istidshistorie og tidlege menneske i Nord-Russland

Herbjørn Presthus Heggen   

Herbjørn Presthus Heggen disputerer fredag 28. oktober for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Archaeological geology and stratigraphy of Palaeolithic sites in northern Russia”

For 30-40,000 år sidan jakta istidsmenneske på mammut, ullhåra nasehorn, hest og rein, så langt nord som polarsirkelen i Nord-Russland. For at dyr og menneske skulle overleve under dei tøffe istidstilhøva så langt nord, må miljøet likevel ha vore relativt gjestfritt, i motsetning til Skandinavia som på denne tida for det meste var dekt av tjukk breis. I sluttfasen av den siste istida endra landskapet i Nord-Russland karakter. Det frodige steppelandskapet der flokkar av mammut tidlegare rådde grunnen, vart forvandla til ein forblåst arktisk sandørken med tjukk permafrost. Spora etter dei første istidsmenneska finn vi i dag under tjukke lag med vindblåst sand og støv (løss), som la seg som et teppe over landskapet i denne kalde og tørre fasen av istida.

Arkeologiske funnstader i Nord-Russland er gjennom ei årrekkje blitt undersøkt av geologar og arkeologar. Den geologiske historia, miljø- og klimautviklinga er studert frå utgravingar langs vestsida Uralfjella. Under nokre av istidsbolkane har ei isbrekappe over Kara- og Barentshavet breidd seg frå kontinentalsokkelen og inn over slettelandet. Dette førte til at dei store elvane som strøymer nordover mot Polhavet vart demde opp slik at det vart danna svære bredemde sjøar i dei vide elvedalane. I avhandlinga er det vist at dette skjedde fleire gonger gjennom dei siste istidene. Dei kalde og tørre tilhøva på slutten av siste istid skuldast truleg nedbørskuggen frå den tjukke Skandinaviske innlandsisen.

Dei arkeologiske funna viser at grupper av fangstfolk har hatt tilhald i områda vest for Uralfjella i fleire fasar etter at dei første gongen kryssa Polarsirkelen for om lag 40,000 år sidan. Franske arkeologar har konkludert med at neandertalmenneske har vore på ein av funnstadene for 33,000 år sidan, dette er dei siste spora som er funne etter desse, før dei forsvann ut av historia. Kanskje trekte dei siste neandertalane mot nord? På andre lokalitetar lenger sør har tidlege moderne menneske rådd grunnen.

Personalia:
Herbjørn Presthus Heggen er fødd i 1972 og oppvaksen i Volda på Sunnmøre. Han er utdanna som geolog, Cand. scient. ved Universitetet i Bergen i 2000. Etter utdanninga har han arbeidd med sjøbotnkartlegging og ved Bjerknessenteret for klimaforsking, før han i 2005 tok til som universitetsstipendiat ved Institutt for Geovitskap, UiB. Han har studieopphald ved UNIS på Svalbard og ved University of Alaska, Fairbanks.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.09.2011, kl. 13.15. Oppgitt emne: "Cenozoic Arctic Sea Ice History"
Stad: Auditorium 3, Realfagsbygget, Allégaten 41

Tid og stad for disputasen:
28.10.2011, kl. 12.15, Realfagbygget, Auditorium 5, 3. etg.

Kontaktpersonar:
Herbjørn Presthus Heggen, tlf.: 55 58 81 09, epost: Herbjorn.Heggen@geo.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.