Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Brutalt forverra mental helsetilstand som følge av HIV/AIDS

Peter Chipimo   

Peter Chipimo disputerer onsdag 15. juni 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

“Mental health in the era of HIV: Investigating mental distress, its determinants, conceptual models and impact of HIV in Zambia”

HIV/AIDS har stor negativ innverknad på mental helse. I samfunn med omfattande HIV/AIDS-epidemiar kan ein difor venta sterk forverring av den metale helsetilstanden. Sørlege Afrika har lenge vore utsett for dei aller tyngste HIV-epidemiane, og viruset er den aller viktigaste årsaka til tidleg død. Mentale problem påverkar og åtferd som fører til auka risiko for HIV-smitte og dårleg oppfølging av behandling. Forsking på mental helse har generelt låg prioritert i låginntektsland, og forsking på samanhengen mellom HIV/AIDS og mental helse er nærast fråverande.

Peter Chipimo sitt ph.d.-prosjekt er unikt på fleire måtar: For det første er det den aller første populasjonsstudien av fordeling og determinantar av mentale lidingar, inkludert HIV. Dessutan blir meir tenlege metodar for kartlegging prøvd ut, og til sist blir skilnaden mellom folkelege og profesjonelle modellar for oppfatning av mentale problem studerte. Forskingsarbeidet er utført som ein del av samarbeidet mellom Universitetet i Zambia og Senter for internasjonal helse.

Studien viste at mentale lidingar er eit omfattande helseproblem i Zambia, og at den alvorlege HIV/AIDS-epidemien bidreg vesentleg. Effekten av HIV var både direkte, og indirekte som følgje av uro og redsle for å bli smitta og opplevd forverra helsetilstand. Oftast har slik redsle ikkje grunnlag i faktisk risiko, men er mellom anna ei naturleg følgje av at ein opplever mykje HIV-relatert sjukdom og død i eige nettverk.

Ph.d.-arbeidet bidreg og med utvikling av eit forenkla instrument for kartlegging av mentale lidingar, noko som er av stor relevans både for epidemiologisk og klinisk praksis. Samla har forskingsarbeidet stor relevans og potensial for politiske og praktiske innverknader både for Zambia og heile det sørlege Afrika.

Personalia:
Peter Chipimo er fødd Zambia i 1975. Han fekk si medisinske utdanning ved School of Medicine, Universitetet i Zambia i 2001. Han har vore ph.d.-kandidat ved Senter for internasjonal helse, med Knut Fylkesnes som hovudrettleiar. Chipimo er tilsett som forkar ved Universitetet i Zambia og er vitskapleg koordinator for eit nytt regionalt masterprogram, Master in Epidemiology, som blir drive av Universitetet i Zambia i samarbeid med Universitet i Bergen og Universitetet i Malawi.

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.06.2011, kl. 09.15. Oppgitt emne: "Widows, orphans and the scourge of HIV/AIDS"
Stad: Auditorium 2, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
15.06.2011, kl. 11.15, Auditorium 2, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Peter Chipimo, 55 58 85 81, epost: Peter.Chipimo@cih.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.