Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2011
NY DOKTORGRAD Religionen og kulturen - skisma eller harmoni?
«Religion und Welt. Martin Dibelius (1883-1947)». Dibelius var ein tysk teolog med Det nye testamentet og den byrjande kristendommen som sitt spesialfelt. Bringeland fylgjer i si biografiske framstelling denne framståande forskaren gjennom den ekstremt omskiftelege tyske historia i fyrste helvta av det 20. hundreåret. Ei hovudinteresse er å få fram samverknaden mellom teologisk oppfatning, historisk-litterært forskingsarbeid og den aktuelle tidssituasjonen. Den raude tråden i avhandlinga er klårgjeringa av Dibelius’ oppfatning av religionen – framfor alt kristendommen – sitt grunnleggjande tilhøve til «verda». Med tanke på meir eller mindre dramatiske utslag av religiøs fundamentalisme og den pågåande debatten om religionen sin plass i det offentlege rommet skulle denne problematikken vera av stor interesse også i dag. Doktoranden har gjennomført ein grundig analyse av både trykte kjelder og etterlate materiale (brev og anna). Denne syner at Dibelius tenkte seg at kristendommen både historisk og prinsipielt er kjenneteikna av eit spenningsforhold til kultur og samfunn. Også forskingsarbeidet hans omkring religionshistoriske, litterære og etiske aspekt ved den fyrste kristendommen er bestemt av dette synspunktet. Elles teiknar avhandlinga ein spanande livsveg, der langt frå sjølvsagde liberal-demokratiske idear førte Dibelius i opposisjon til reaksjonær ideologi og seinare til nazismen. Personalia: Tid og stad for prøveforelesingane: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |