Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Betre datering = betre forståing av fortidsklima i Norskehavet

Jo Brendryen   

Jo Brendryen disputerer fredag 7. januar 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”A detailed chronological, sedimentological and tephrostratigraphical framework of a high resolution sediment core record from the Eastern Norwegian Sea spanning the two last glacial-interglacial cycles”

Å forstå korleis prosessane i jordas klimasystem har verka i tidlegare tider er til stor hjelp når ein skal føreseie framtidig klimautvikling. Denne kunnskapen kan komme frå analysar av ulike eigenskapar til sediment som er avsett i lag på lag på havbotnen gjennom tusenvis av år. Desse sedimenta er naturlege klimaarkiv som har lagra informasjon om korleis klimaet har variert på staden gjennom tid. For å kunne sette saman denne informasjonen med informasjon frå klimaarkiv frå andre stader er det særs viktig å ha god kontroll på når desse sedimenta vart avsett på havbotnen.

Dette er temaet for ei ny ph.d.-avhandling ved Universitetet i Bergen der Jo Brendryen har studert ei kjerneprøve av sediment frå Norskehavet avsett gjennom dei to siste istidene. Det er utarbeidd ei detaljert tidfesting av sedimenta som gjer det mogleg å relatere endringar i havsirkulasjon i Norskehavet og endringar i dei store isdekka over Skandinavia med tidseriar over viktige parameter frå det globale klimasystemet, for eksempel endringar i solinnstråling, globalt havnivå og CO2-konsentrasjonen i atmosfæren. Dette gjer at ein sikrare kan forstå dei prosessane i klimasystemet som er årsak til vekslinga mellom istider og mellomistider samt raske klimaendringar i istidene.

Spesielt fokus er retta mot bruken av vulkansk oske som tidsmarkørar i sedimenta. Som ein såg under utbrotet frå Eyjafjellajökull på Island, kan vulkansk oske verte spreidd utover store områder. Den geokjemiske signaturen til oska gjer at ein kan identifisere oskekorn frå det same vulkanske utbrotet i klimaarkiv langt frå kvarandre. Slike tidshorisontar er såleis svært nyttige når ein skal samanlikne klimaarkiv frå ulike stadar. I avhandlinga har Brendryen skildra vulkansk oske frå om lag 100 vulkanske utbrot på Island og Jan Mayen. Det vert og diskutert korleis ein best skal bruke desse til å tidfeste og samanlikne ulike klimaarkiv.

Personalia:
Jo Brendryen (f. 1979) er Cand. Mag. i Natur og Miljøfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (2003) og master i geologi ved Universitetet i Bergen (2005).

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.12.2011, kl. 10:15. Oppgitt emne: “Sea level changes during the last interglacial and correlation with the climate record on land”
Stad: Auditorium 5, Realfagsbygget, Allégaten 41

Tid og stad for disputasen:
07.01.2011, kl. 10:15, Auditorium 5, Realfagsbygget, Allégaten 41

Kontaktpersonar:
Jo Brendryen, tlf 55 58 35 27, epost: jo.brendryen at geo.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.