Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2011
NY DOKTORGRAD Regulering av gen involvert i læring og hukommelse
Evnen vår til å lære og å hugse ligg i dei plastiske eigenskapane til kontaktene (synapsene) mellom nervecellene i hjernen. Stimuli fører til at etablerte synapser kan endre styrke og bli enten sterkare eller svakare, dette kallar vi synaptisk plastisitet. Mekanismane som styrer synaptisk plastisitet er nøye regulert og forstyrringar i desse signalbanene kan ha alvorlege konsekvensar for normal hjernefunksjon. Det er difor viktig å forstå mekanismane som regulerer synapsestyrke og signalisering mellom nerveceller. Denne avhandlinga handlar mellom anna om korleis antidepressiv behandling og nokre sentrale signalbaner i hjernen påverkar uttrykket av gen involvert i synaptisk plastisitet. Depresjon har høg forekomst, men vi har inga fullgod behandling for denne lidinga. I dette arbeidet har Alme sett på korleis medikamentell behandling påverkar uttrykket av gen involvert i synaptisk plastisitet. Konklusjonen er at kronisk, men ikkje akutt, behandling fører til ei oppregulering av plastisitet-assosierte gener i hjerneområder sentrale for kognisjon. Dette kan tyde på at positive endringar i viktige neuronale funksjonar krev langtidsbehandling og at dette eit lite stykke på veg, kan forklare det forseinka kliniske utkomet av antidepressiv behandling. Vidare illustrerer arbeidet i avhandlinga korleis ei rekke mekanismar samhandlar for å gi tids- og stadsbestemt uttrykk av viktige protein for synaptisk plastisitet. Arbeidet viser og nye neuronale funksjonar for eitt av desse gena. Personalia: Tidspunkt og sted for prøveforelesningen: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte. |