Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

MR ved nakkesleng og leddgikt

Nils Vetti   

Nils Vetti disputerer fredag 10.12.2010 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

”MRI of the alar and transverse ligaments in whiplash-associated disorders and rheumatoid arthritis”.

Vetti har i avhandlinga funne at magnetisk resonanstomografi (MR) av leddband i øvre delar av nakken hos pasientar med akutt nakkesleng ikkje gjev nyttig klinisk informasjon og difor ikkje bør brukast som rutine på slike pasientar.

Alar- og transversligamenta er leddband mellom nakken og hovudet som er viktige for nakken sin funksjon og stabilitet. Desse leddbanda er ikkje synlege på røntgen eller computertomografi (CT), men kan visualiserast med ein MR-metode tidlegare utvikla ved Universitetet i Bergen. Hos pasientar med langvarige plager etter nakkesleng har slik MR vist endringar i leddbanda som kunne representera skade.

I forskingsarbeidet til Vetti tok akutte nakkeslengpasientar MR få dagar etter bilulukka. Desse pasientane hadde ofte endringar i leddbanda på MR, men ein fann slike endringar like ofte hos nakkefriske personar utan nakketraume. Endringane kunne difor ikkje forklarast av ulykka, og dei auka heller ikkje risikoen for plager ved oppfølging eit år etter.

Vetti har og nytta MR-metoden for fyrste gong på pasientar med leddgikt. Ved leddgikt kan desse leddbanda bli ramma og føra til alvorleg instabilitet i nakken. Metoden var godt egna til å visualisera leddbanda hos pasientar med ulik grad av leddgikt. Den kan såleis vera eit nyttig forskingsverkty, men den kliniske nytten av metoden i denne pasientgruppa er ikkje avklara.

Personalia:
Nils Vetti (fødd 1972) er frå Odda og tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1997. Han arbeidde ved Radiologisk avdeling Haukeland universitetssjukehus frå 2003 til 2007 og har sidan vore tilknytt Institutt for kirurgiske fag med stipend frå Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering og Grieg Foundation. Rettleiar har vore 1. amanuensis Ansgar Espeland og medrettleiarar professor Nils Erik Gilhus og professor Jarle Rørvik.

Tid og stad for prøveforelesinga:
09.12.2010, kl. 14:15. Oppgitt emne: ”Kronisk nakkeslengsyndrom, en kunnskapsbasert oversikt over en omstridt diagnose”
Stad: Stort auditorium, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus

Tid og stad for disputasen:
10.12.2010, kl. 10:15, Stort auditorium, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Nils Vetti, telefon: 55972747, epost: nils.vetti@helse-bergen.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.