Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Hannleg utvikling i fisk
“Anti-Müllerian hormone (Amh) in zebrafish (Danio rerio): Protein characteristics and functions.” Kjønnsutvikling i fisk kan vere sårbar for ulike ytre påverknader, og kunnskap om utvikling av kjønn er viktig for å forstå desse prosessane. I denne avhandlinga er det blitt forska på eit hormon, det anti-Mülleriske hormonet si rolle i utvikling av hannfisk. Hos pattedyr har anti-Müllerisk hormon ei viktig rolle i å tilbakedanne Mülleriske dukter - opphavet til eggleiarar og livmor - i foster som skal bli hannkjønn. Vidare kontrollerer anti-Müllerisk hormon syntese av kjønnshormon hos hannar. Dersom produksjon av anti-Müllerisk hormon ikkje fungerer som det skal, kan det gi reproduktive problem hos vaksne hannpattedyr. Fisk har ikkje Mülleriske dukter, men fisk har likevel anti-Müllerisk hormon! Hormonet vert danna tidleg i utviklinga i fiskelarver og er også til stades i vaksne individ. Dette tyder på at hormonet kan ha viktige roller i kjønnsutviklinga også hos fisk. Denne doktorgradsavhandlinga beskriver korleis hormonet vert produsert for å bli funksjonelt i sebrafisk; ein akvariefisk som er mykje brukt i forsking og som modell for andre fiskeartar. Vidare beskrivast funksjoner til anti-Müllerisk hormon i sebrafisk. Ved hjelp av spesifikke antistoff retta mot anti-Müllerisk hormon fann Skaar ut at etter at hormonet er blitt produsert må det blant anna kløyvast ved hjelp av spesielle kløyveenzym for å bli funksjonelt. Antistoffa blei også brukt for å vise at hormonet vert produsert i celler som ligg omkring kjønnsceller i tidlege stadium av spermieutviklinga i testis; kjønnskjertel hos hannkjønn. Funksjonen til anti-Müllerisk hormon i testis blei studert ved å tilsette hormonet til biter av testis i kultur. Det var her tydelig at den kløyvde forma av anti-Müllerisk hormon hemmar produksjon av hannlege steroidhormon. Hormonet hindra også celledeling av spermatogonier – dei aller første cellene i spermieutvikling. Resultata tyder på at anti-Müllerisk hormon er viktig for å halde spermproduksjonen i umoden tilstand ved å hemme produksjonen av kjønnshormon som er viktig for danning av moden sperm. Avhandlinga beskriver også korleis anti-Müllerisk hormon kan ha ei mogleg rolle i tidleg hannkjønnsutvikling hos sebrafisk. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |