Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Å hanskast med livstruande sjukdom
Alvorleg, livstruande sjukdom kan vere vanskeleg å hanskast med både for pasientane som rammast og for legane som skal behandle. Denne studien viste at både pasientar og legar opplevde å stå på eiga hand i møte med eksistensielle utfordringar som uvisse, dødelegheit og ansvar. Ansvaret til legane kunne vere gjevande og identitetsskapande, men innebar òg ein spesiell sårbarheit. Eit breitt spekter av meistringsstrategiar kom til syne i kampen for å hanskast med desse opplevingane: eit positivt fokus, å skape meining, håp og tillit. Døden hadde ein tvitydig plass i den medisinske kvardagen som både akseptabel og uakseptabel, nærverande og fjern. Eit skjebnefellesskap på godt og vondt vart framheva som sentralt i denne samanhengen. Legane kunne oppleve alt frå sterk støtte til motarbeiding i kollegiet sitt. Pasientane stod i relasjonar som kunne vere anten ivaretakande eller smertefulle. Å dele uvissa og ansvaret var ein måte legar og pasientar kunne skape ein støttande allianse på i ekstreme situasjonar der den eine risikerer å misse livet og den andre risikerer å tape kampen for å redde det. Eksistensielle grunnvilkår verkar inn på pasientar og legar sin livskvalitet, samhandling og avgjerslene deira på ein måte som får konsekvensar for klinisk praksis. Legar bør få fram eksistensielle perspektiv i samtalar som inneber avgjersler ved alvorleg sjukdom for å betre kvaliteten på informert samtykke og delt avgjersletaking, fordi dette har betyding for forståinga av val og preferansar. Meistringsstrategiar overfor grunnvilkår som dødelegheit, sårbarheit og einsemd er viktige å identifisere hjå pasientar og legar som er høvesvis ramma av eller behandlar av livstruande sjukdom. På denne måten kan ein vurdere om det er behov for støttande tiltak, som til dømes einskild- eller gruppesamtalar. Utdanningsinstitusjonar og arbeidsplassar bør ha auka fokus på danninga av legar sin profesjonelle identitet og korleis ein kan hanskast med det sårbare ansvaret legerolla innehar. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |