Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Forankringsprotein er viktige i signaloverføring og kreftutvikling
Cand. scient Line Merethe Myklebust har i sitt doktorgradsarbeid studert rolla til eit forankringsprotein, kalt RACK1, i signaloverføring i cella og dets betydning i kreftutvikling. Cellene kan reagere på ytre og indre påverknader via eit komplekst nettverk av proteiner som styrer cellas skjebne; skal cella fortsette å vekse, utvikle andre eigenskapar, eller dø. I normale celler er desse prosessane nøye regulerte. Mange kreftframkallende protein (onkoprotein) er genetisk endra (muterte) variantar av protein som i normale celler har som oppgåve å overføre vekstsignal til cellekjerna. Ras er eit slikt onkoprotein. Medan den normale forma av Ras proteinet vekslar mellom aktiv og inaktiv form, er Ras onkoproteinet låst i den aktive forma. Dette medfører at Ras gjev cella konstant signal om at den skal dele seg sjølv i fråver av vekstsignal, og slik kan ein kreftsvulst oppstå. I doktorgradsarbeidet var ein interessert i å finne faktorar som kunne hindre denne Ras-styrte kreftsdannelsen. Myklebust og medarbeidarar identifiserte forankringsproteinet RACK1, i å spele ei viktig rolle i denne Ras styrte signalvegen. RACK1 utgjer eit viktig knutepunkt i signaloverføringa då RACK1 kan binde til seg fleire signal protein samstundes, og dermed la interaksjonar mellom desse skje. Avhandlinga forklarar korleis ein mutert variant av RACK1, kalt delta RACK1, er med på å utkonkurrere RACK1 si binding til onkoproteinet Ras og dermed hemme RACK1 styrte interaksjonar som kan føre til kreft. I mennesket vart RACK1 funne å ha ei svært viktig rolle i utviklinga av skjoldbrukskjertelkreft, og RACK1 kan difor fungere som markør for sjukdommen. Dette viser at innsikt i regulering av kontakten mellom ulike signalprotein og RACK1 er av særs viktig betydning for forståinga av signalvegane i cellene og for cellulære endringar som kan føre til kreftutvikling. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |