Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Kvalitet på kneprotesekirurgi
”Pain, function and risk of revision after knee arthroplasty”. I avhandlinga vart kvaliteten av kneprotesekirurgi i Noreg vurdert ut frå pasientrapportert nivå av smerte og funksjon samt tid til eventuell reoperasjon. Det var små skilnader i smerte- og funksjonsnivå mellom dei tre vanlege typane kneleddsproteser. Vurdering av tid til reoperasjon hjå to av typane synte og små skilnader, men det var likevel ulike grunnar for reoperasjon. Nasjonalt Register for Leddproteser starta i 1994 registrering av kneprotesekirurgi i Noreg. Registerbasert forsking har ei viktig rolle for å avklåre kvalitetsskilnader innanfor leddprotesekirurgi. Aukande tal pasientar får øydelagd brusk i kneet behandla med protesekirurgi. Ved slik kirurgi vert leddflatene erstatta med deler av metall og plast. Er skaden avgrensa til innsida eller utsida av kneet, kan bruk av halvprotese vurderast. Alternativet er heilprotese. Då er det råd, men ikkje påkravd, å behandla undersida av kneskjelet med ein sokalla patelladel av plast. I ei brukarundersøking vart patelladel i liten grad funne å påverka smerte- og funksjonsnivå. Likevel var reoperasjon grunna smerte vanlegare utan denne delen. Dette inneber ikkje nødvendigvis høgare smertenivå hjå pasientar utan patelladel. Det kan like gjerne skuldast at ein har lettare for å tilby denne gruppa ein reoperasjon, der ein set inn ein slik del. Ein fann og at patelladel gjorde protesene meir utsett for plastslitasje og laus metalldel i leggbeinet. I framtida bør ein difor vurdere mindre bruk av patelladel ved første gongs kneprotesekirurgi. Brukarundersøkinga synte små skilnader i smerte- og funksjonsnivå mellom halv- og heilprotese. Auka risiko for reoperasjon av halvproteser gjer at heilprotese er eit godt alternativ, óg i dei høva der halvproteser kan vurderast. Halvproteser er likevel eigna for grupper med særskild bruk for god knebøy. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |