Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Matrelaterte mageplager
”Self-reported food hypersensitivity with gastrointestinal symptoms: Allergological and psychological factors”. Svært mange opplever å vere overfølsame for ei eller fleire matvarer utan at matallergi kan påvisast. Denne avhandlinga fokuserer på slike matrelaterte plager der ein ikkje finn sikker patologi ved vanlege diagnostiske testar. Eit hovudfunn i avhandlinga er at trass i låg førekomst av såkalla ”ekte” matallergi, har så mange som 60 prosent av desse pasientane likevel andre allergiske tilstandar, fyrst og fremst pollenallergi (”høysnue”). Desse allergiske pasientane har fleire såkalla IgE-armerte mastceller i slimhinna i tolvfingertarmen enn pasientar utan allergi. Dette kan spele ei rolle for utvikling av matrelaterte mageplager, og er eit funn som kan danne grunnlag for nye interessante studier, mellom anna av moglegheitene for medikamentell behandling av slike plager. Eit anna funn er at visse psykiske lidingar, særleg angstlidingar, ser ut til å førekome noko hyppigare i denne pasientgruppa enn i den generelle befolkninga. I avhandlinga er det og presentert nye metodar som er under utprøving og som i framtida kan verte aktuelle som diagnostiske reiskapar i utgreiinga av matrelaterte mageplager. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |